Anton Brekke er kriminaletterforskar for Kripos, han har ein uvane med gambling og han slit med kjærleikssorg etter at kona hans har flytta saman med ein millionær. No er det snart juletid, og Brekke vert tilkalla til politiet i Østfold for å delta i ei mordetterforsking. Ein eldre lærar, Viggo Holm, er funnen drepen i heimen sin i Sarpsborg. Brekke går motvillig med på å ta seg av etterforskinga. Han framstår som ein noko gretten og tørrvittig mann som er nesten like mykje oppteken av ekskona som av drapsetterforskinga.

På same tid – i opninga av romanen – vert lesarane presenterte for unge, småkriminelle Bernandas – ein ung, austeuropeisk sjåfør som har ein last han ikkje var klar over – og endåtil er det ingen som kjem for å hente lasten der det var avtalt. Når Bernandas oppdagar kva han køyrer på, at det ikkje er narkotika som han trudde, vert han gripen av panikk. Han skjønar at han er i fare, at han må røme om han vil behalde livet. Kva skal han så gjere med lasten? Alle gode råd er dyre.

Brekke får eit team saman med seg i etterforskinga, og det skal snart vise seg at saka har mange forgreiningar til utlandet, der mektige bakmenn utan skruplar ligg bak brotsverka. Det kjem også fram at det er dei same kyniske, bakmennene som er ansvarlege for både drapa og smuglinga som etter kvart vert avdekt. Og – her i Norge var det russisk mafia som venta på lasten som skulle gi gode inntekter!

I tillegg til politi og kriminelle, får vi møte ein narkoman millionær, ein engasjert psykolog og ein seksåring som både er autist og sjakkgeni.

Fjell presenterer innhaldet gjennom fleire parallelle historier som vert nøsta saman til slutt, slik mange krimromanar er konstruerte. Sjølve plottet er realistisk nok i dag, med kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Romanen er heller ikkje heilt fri for humor. Språkleg enkel. Alt i alt: Ei enkel, lettlesen bok for dei som likar krim.

Jan-Erik Fjell (f. 1982) debuterte som krimforfattar i 2010 med romanen «Tysteren», ei bok som gav han Bokhandlerprisen. Han har gitt ut fleire bøker med politimannen Anton Brekke.

HO