Det går mot eit historisk fleirtal for å starte arbeidet med eit internasjonalt forbod mot atomvåpen i FN denne hausten. Dette er verkeleg eit taktskifte i arbeidet mot atomvåpen, ei historisk moglegheit til reell nedrusting. Men kva driv Noreg med? Forstå det den som kan, men utanriksminister Børge Brende har tenkt å stemme imot forslaget!

Heilt sidan atomvåpna først vart tekne i bruk, har nedrusting vore eit mål. Motstandarar mot forbodet hevdar at eit forbod ikkje vil gje noko meining, sidan våpna likevel vil halde fram med å eksistere. Dette blir å snu problemstilliga på hovudet. Då skulle me vel ha venta til ingen lenger røykte innandørs også då, før me innførte røykjelova? Skal tru kor lenge me måtte ha venta?

Eit forbod mot atomvåpen må til før ei reell nedrusting kan starte. Og me har venta lenge nok. Forbodet vil tydeleggjere at atomvåpen er eit inhumant våpen som aldri meir må takast i bruk. Andre våpen, som klasevåpen, landminer, biologiske og kjemiske våpen, har vorte forbodne grunna deira uakseptable humanitære konsekvensar. Ei slik grunngjeving bør i høgste grad også gjelde for atomvåpen!

Forslaget som ligg føre i FN vil gjere det vanskelegare, dyrare og mindre attraktivt for atomvåpenstatane å halde fram med atomvåpen. Bankar og fond vil verte hindra frå å investere i atomvåpenproduksjon, og spreiing av atomvåpen vil verte vanskelegare. Kva er det ved dette forslaget du er ueinig i, Børge Brende?

Noreg har lange tradisjonar for å arbeide for fred og nedrusting. Eit samla storting vedtok også 26. april 2016 det såkalla atomforliket, der det står at Noreg skal «arbeide aktivt for ei verd fri for atomvåpen» og «arbeide langsiktig for eit rettsleg bindande rammeverk for å sikre dette målet». Heldt du deg for øyrene då dette vart vedteke, Brende? Det er i alle fall høgst oppsiktsvekkjande at utanriksministeren, berre månader seinare, vil stemme stikk i strid med stortingsvedtaket, og heller gå NATO og atomvåpenstatane sitt ærend. Det kan me ikkje vere med på. Me krev at Børge Brende snur i saka. Ærleg tala, me forventar at Noreg står rakrygga for fred.

Marit Aklestad

Ørsta SV