Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester var fredag i full aksjon før julekonsertane snart står for dør. Ungdomsorkesteret, som det einaste i fylket, har vekse seg store, og medlemmane strekk seg langt over kommunegrenser.

– Vi har 76 medlemmer som kjem frå Ørsta og Volda og frå ytre strøk. Difor har vi valt å skifte namn til Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester for å inkludere alle i namnet, og for å skape ei god ramme rundt det vi har. Saman med 15 vaksne støttespelarar og dirigent Sverre Sørdal øver dei ein gong i månaden. Vi håper mange kjem til julekonserten i Ørsta bedehus 3. desember og i Volda kyrkje 4. desember for å sjå og høyre kor flinke dei er, informerer rektor ved kulturskulen i Ørsta, Brynhild Barstad.

Mektig å spele saman

– Eg byrja å spele fiolin då eg var åtte år. Å spele i orkester er veldig kjekt. Det er annleis enn å spele åleine. Alt blir finare og meir profesjonelt, fortel Astrid Rebben (15) frå Volda. Ho ser fram til å få spele Tre nøtter til Askepott under julekonserten, noko ho ikkje er åleine om:

– Askepott har vi ikkje spelt tidlegare år, og den er veldig fin, seier Nikolai Remme (16).

Nikolai har spelt fiolin i ni år. Kjensla han fekk første gongen han spelte saman med andre kan han framleis hugse godt.

– Det er noko heilt anna enn å spele åleine. Første gongen eg spelte med orkesteret var ei magisk oppleving. Det var så mektig, og det er det framleis. Alt i alt er det veldig kjekt, fortel den unge fiolinisten.

Godt miljø for musikk

Til julekonserten har orkesteret med seg solistane Alf K. Vatne (75) og barnebarnet Olivia Vatne Gjerdsbakk (16) som skal synge duett saman for første gong.

– Olivia debuterte ikkje med song før i fjor. Det var heilt nytt for meg at ho hadde ei songstemme. Det er veldig kjekt at ho får prøvd seg i år, og det blir veldig spennande for oss å synge i lag, fortel Alf Vatne.

– Eg har alltid hatt lyst til å synge med bestefar. Det er berre på gøy, men det er fint om andre kan få ei glede av songen vår, seier Olivia.

Alf rosar eldsjeler som gjer orkesteret mogleg å eksistere, og det oppmuntrande miljøet som er kring song og musikk.

– Her er utruleg mange eldsjeler som stiller opp frivillig til dette orkesteret slik det skal vere rom for unge musikantar å leve ut hobbyen sin. Dei får med seg mykje minner og lærdom til seinare. Eg synest det er rørande å høyre kor flinke dei er.