– Eg har ikkje tala over kva film som er mest sett på opningshelga gjennom tidene, men «Kon-Tiki» kan ikkje vere langt unna rekorden, seier kinosjef Bjørn Holum.

Fredag inviterte han til premiere med både raud løpar og forfriskingar i stettglas – ein gest som passa godt til ein norsk film av såpass grandiost kaliber.

– Ja, vi hadde fire gangar så mange vitjande som normalt, og det er ekstremt. Vanlegvis plar vi berre setje opp tre framsyningar, men no måtte vi dobla talet til seks gonger i løpet av helga.

Dei landsdekkjande premieretala viser at heile 157.730 personar fekk med seg Heyerdahl & co i opningshelga. Filmen går dermed forbi Istid 4, som til no har trona på toppen i sommar.

Tre grunnar

– Kvifor har «Kon-Tiki» vorte ein suksess nasjonalt og lokalt?

– Det er ein kombinasjon av fleire ting. For det fyrste er Thor Heyerdahl kjend blant folk i alle aldrar over heile verda. For det andre har det vore stor blest om filmen i lang tid, og for det tredje har hovudrolleinnehavaren Pål Sverre Hagen mykje slekt i Ørsta som tok turen på fyrste visning.

Fredag sa Holum at «Kon-Tiki» har internasjonalt potensial, både grunna Heyerdahl sin kjendisstatus og fordi filmen er unorsk i stilen.

– Kan denne filmen hjelpe Noreg til å ta innpå våre vener i Sverige og Danmark som filmnasjon?

– Ja, det er klart at alle kurver som peikar oppover i denne bransjen her til lands kjem godt med for norsk filmindustri.

Nedgang

Sommaren 2012 har elles vore prega av fleire storfilmar som «Dark Knight Rises», «Spiderman», og «Madagaskar 3».

Desse har vore viktige for drifta av Ørsta kino. I juni låg nemleg vitjingstala heile 30 prosent bak fjoråret.

– Ja, kinoåret 2012 har faktisk vore ein nedtur, samanlikna med 2011. I fjor fekk vi digital 3D-kino, noko som kan vere ein del av grunnen til nedgangen, kombinert med fleire store titlar på plakaten.

Både det siste kapittelet i Harry Potter-serien, «Pirates of the Caribbean 4» og «Knerten i Knipe» var suksessar i fjor.

Spennande haust

Likevel – storfilmane i sommar vitnar om at drifta kan ta seg opp. Berre frå juni til august har den 30 prosent store nedgangen minka til 16 prosent.

Holum ser dermed lyst på kinohausten, og han har god tru på at filmar som «Modig», «The Bourne Legacy», «Tina og Bettina», «Flukt», «Hypnotisøren», «Hobbiten» og «James Bond: Skyfall» skal trekkje folk til kulturhuset.

– Eg trur i alle fall veldig mange er interessert i å sjå «Hobbiten» – historia som leiar opp til «Ringenes Herre». Vi får håpe at vi tek inn att nedgangen frå i fjor, og hamnar på plussida, seier Holum.