Revygeneral Mads Ryste er i storslag, og har starta mange latteranfall på øvingane med tekstane sine. Både med dei tekstane som er med, og dei som kanskje kjem med i ein seinare revy.

Han har vore den som har stått for dei fleste av tekstene i år, men har også fått god hjelp av dei andre i revyen.

Som vanleg har politikarar og kjendisar mata revyen med godt stoff. Og når det gjeld revy er nesten alt lov, her kan ein ikkje vere hårsår, og take seg nær av noko, sjølv om revygjengen er klar på at dei sparkar oppover og ikkje nedover.

Årets Hovderevy kan by på nye ansikt både på scena og i teknikken. Det gror i revymiljøet i Hovdebygda.

– Det veks vel snart mose på «gamlingane» i Hovderevyen, men dei gamle er framleis eldst, og heilt avgjerande for at det skal vere Hovderevy. Dei må vel berast på scena til slutt. Særskilt Bella (Bergljot Sandvik) og Tias (Mathias Skurtveit) imponerer, med sine over åtti år, seier Kirsten Ose i revygjengen.

Ho og dei andre ynskjer velkomen til publikum frå fjern og nær til premieren.