27. juli til 30. juli vert det arrangert Sommarljom i Ørsta for fjerde år på rad. Arrangørane presenterer eit variert program som breier seg utover fire dagar.

–I 2016 har vi igjen eit spanande og variert program og håper på å nå ut til eit enno større publikum, samtidig som vi er opptekne av å ta vare på festivalen sitt særpreg. Utøvarane er på eit stort nasjonalt/internasjonalt nivå, men vi har også fokus på å fremje lokale talent og skape ein møteplass der dei kan oppleve og samarbeide med profesjonelle musikarar. På årets festival får vi høyre bla. akustisk pop, jazz, folkemusikk, americana, opera og impro framført av ei god blanding av lokale krefter og tilreisande artistar av nasjonalt og internasjonalt format. Alle konsertane er alkoholfrie og opne for alle aldersgrupper. Nytt av året er ein gratis musikkverkstad for born, opplyser arrangørane i eit presseskriv.

Utvikling

Festivalen vart etablert av jazzbassist Audun Ellingsen og operasongar Karen Rosenberg Olsen i 2013 som ei forlenging av sommarkonsertane dei arrangerte sidan 2011. No er festivalen stifta som foreining der også jazzbassist Torkjell Hovland er med.

Festivalen har utvikla seg til å bli dobbel så stor som då den vart arrangert for første gong. Også i år vil festivalen ta plass på same tid som Naturfestivalen for å nå ut til eit større publikum.

Program

Onsdag kveld 27. juli opnar festivalen i eit naust i Bogafjøra (Vekslet) i Ørsta. Denne kvelden vil Darling West, Jonas Krøvel/Jonatan Uranus og Marius Graff spele. Sistnemnde er både gitarist, multi-strengeinstrumentalist og låtskrivar, og har spelt inn låtar og turnert med mange av Noregs største artistar i tillegg til å drive eigne prosjekt innan pop -vise- og folkemusikk. Blant anna har han hatt langvarige samarbeid med Marit Larsen og Lillebjørn Nilsen.

Dei andre dagane vil konsertane ta plass i Ørsta Kunsthus og i Ørsta Kyrkje. Laurdag er det dessutan arrangert gratis musikkverkstad for born i eit tomt butikklokale i gågata i Ørsta.

<strong>Frå Ørsta:</strong> Egil Olsen skal spele på kunsthuset i Ørsta