– Det er første gong Ørsta kommune lagar ein slik plan, seier Gro Anita Bårdseth, rådgivar i plan- og utviklingsseksjonen i Ørsta kommune.

Kulturminneplanen, eller kommunedelplanen for kulturminne og -miljø, skal dokumentere og gi oversikt over kulturminne og kulturmiljø i Ørsta, og identifisere kulturminne av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida. Planen blir eit viktig verktøy i det kommunale forvaltningsarbeidet framover.

– Han skal mellom anna brukast i arealplanlegginga i Ørsta, og gi politikarar, administrasjon og innbyggjarar auka kunnskap.

Planprogrammet har alt vore ute til høyring, og alle sogelaga i kommunen er engasjerte for å kome med bidrag til planen.

– Dei skal plukke ut kulturminna og kulturmiljøa dei meiner bør kome med i planen. Eg må få lov å skryte litt av sogelaga. Alle har vore svært positive, og stilt opp. Det borgar svært godt for planen at vi har slike eldsjeler. Vi er heldige i Ørsta som har eit så stort frivillig engasjement.

Det er likevel ikkje alle forslag som kjem med.

– Poenget med å lage ein slik plan er at vi skal gjere eit utval. Fylkeskommunen har allereie dokumentert kulturminna med nasjonal og regional verdi i sin kulturminneplan. I denne planen skal vi ha fokus på kulturminna med lokal verdi, seier Bårdseth.

I den fylkeskommunale planen ligg det inne over 50 kulturminne i Ørsta med nasjonal eller regional verdi.

Inviterer privatpersonar

Kommunen inviterer også privatpersonar som har innspel til planen til å ta kontakt.

– Dei må gjerne ta direkte kontakt med kommunen, men kan også ta kontakt med sitt lokale sogelag, seier Jostein O. Mo, kulturrådgivar i Ørsta kommune.

– Slik håper vi folk i kommunen får ein eigarskap og eit forhold til planen, forklarer Bårdseth.

Planen skal mellom anna få fram kva som har vore viktig for dei forskjellige delane av kommunen gjennom åra.

– På Vartdal er det naturleg å trekke fram fiskerihistoria, i gamle Ørsta har industri vore viktig og i Hjørundfjord er det historia knytt til turisme som skil seg ut, seier O. Mo.

– Når vi lagar ein slik plan for første gong, meiner vi at han bør vere nokså brei og representativ for heile kommunen. Han kjem også til å bli rullert i framtida, og då kjem det kanskje inn nye kulturminne og kulturmiljø, presiserer Bårdseth.

Planen skal omfatte både materielle og immaterielle kulturminne, altså både fysiske ting, som bygningar, og det som ikkje er fysisk. Det første planutkastet skal vere klart til jul. Då blir det sendt ut på høyring på nyåret, før det blir politisk handsaming av planen.