Nesten alle konsertane i Sogn og Fjordane er utselde, men i Ørsta går billettsalet dårlegare for Sigrid Moldestad.

Komande torsdag spelar folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Gloppen på Ørsta kulturhus.

– Sigrid er kjend for dei fleste i Sogn og Fjordane, men er nok ikkje like etablert oppe hos dykk, men vi håper Ørsta kulturhus blir fullsett torsdag, seier Remi Tystad i Fjordane Musikkforum i Førde.

Før helga var det selt rundt 70–80 billettar til konserten i Ørsta. Det er med andre ord langt frå utselt.

– Konsertane i Sogn og Fjordane er stort sett utselde, så det er ikkje tvil om at salet går tråare på Sunnmøre, seier han.

Tystad trur salssvikten har samanheng med at ho er meir etablert i heimfylket.

– Dette er den einaste konserten ho spelar på Sunnmøre på denne juleturneen, så vi håper sunnmøringane kjem seint, men godt.

Konserten har fått namnet «Vintersong», og Moldestad har med seg mellom andre den sv. svenske visesongar Esbjørn Hazelius og «trekkspeldronninga» Linda Gytri frå Olden. Ørsta er første stopp på turneen.