I år vart det satsa stort på markeringa av den internasjonale kvinnedagen, tysdag 8. mars, her i Ørsta. Frå «ei litt annleis gudsteneste», heldt av Ruth Eva Sollie i Ørsta kyrkje, til storfest i festsalen til Ørsta kulturhus, med eit fullspekka og variert program som fekk fram både smil, latter og tårer blant ein fullsett sal. Framfor alt var det ein kveld fylt med viktige bodskap til ettertanke.

At Ørsta har ein stor bukett med sterke, engasjerte og intelligente kvinner kunne denne kvelden i aller høgste grad stadfeste. Kvelden baud på korsong frå Åmdalskoret Berre Damer og LYST, vakker musikk frå jenteband, dikt ved Bente Mangerud, og fleire humorinnslag frå Kirsten Ose, Marit Brautaset og Maria Hovdenakk, som heldt latteren i gong heile kvelden. Appellar frå ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande, dagleg leiar v. Topp Trening, Trude Flø Johnsen, Inger Rotevatn frå Amnesty Volda, rådmann i Ørsta, Wenche Solhiem, og representantar frå Ørsta kommunestyre Astrid Bjørdal (AP), Tove Halse Digernes (SP) og Marit Aklestad (SV), gjorde inntrykk.

På ulike vis drog desse kvinnene fram synspunkt og erfaringar om det å vere kvinne i Noreg, og kor heldige vi er som er fødd i dette landet, der kvinner før oss har kjempa ein hard og viktig kamp for at vi i dag veks opp i eit likestilt land. Det vart reflektert over korleis dette skal halde fram – og betrast endå meir:

– Eg trur alle er fødde sterke, men for å bli verande sterke er vi avhengig av menneske rundt oss som byggjer oss opp. Eg vil oppmode alle om å setje endå større pris på dei rundt seg – og vise det, sa ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande.

Rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, trekte også på dette, og har tru på at oppmuntring og ros, særleg frå andre kvinner, er viktig for at fleire kvinner skal tørre å ta steget om å til dømes søkje leiarstillingar. Samstundes vart det kasta lys over dei dårlege levekåra til kvinner i mange andre land, der vi i Noreg har eit solidarisk ansvar for, og bør stå i forgrunnen av, kampen om rettar for kvinner, og om å oppnå likestilling mellom kjønn i heile verda.

Gripande var det å høyre appell frå Clementine Sperto Niyitegna frå Kongo, og Fiuna Umidi frå Iran, som er kvinner som sjølv har vore offer for mangel på rettar i deira heimland, grunna kjønn.

– For at eg skulle få gifte meg med mannen min som ikkje er frå Iran, måtte vi flytte frå landet. Medan dette ikkje hadde skjedd om situasjonen var omvendt, fortalde Fiuna, som driv Fina Søm og Design i Ørsta, saman med mannen sin frå Afghanistan.

– Draumen min er å få jobb i Noreg, og å lære meir norsk og meir om den norske kulturen. Eg håper dykk vil hjelpe meg med det, avslutta Clementine sin appell.