Resultatet av å setje saman tre kor og eit symfoniorkester er mektige saker. Det beviste samøvinga til kor og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, saman med Ørstakoret og Volda Vokal i helga. Saman utgjer kora og orkesteret hundre songarar og over femti musikarar, og 14. og 15. november står dei samla om å framføre det anerkjende verket “The Armed Man: A Mass for Peace”, av Karl Jenkins, i Propellhallen kulturarena i Volda.

Dirigent Elizabeth Oltedal, førstelektor ved seksjon for musikk ved Høgskulen, har i over 3 år hatt ein idé og eit ønske om å framføre dette verket. Ho uttrykkjer ei glede over samarbeidet Høgskulen har med dei to lokale kora, og fortel:

– Det var fleire grunnar til at vi ville invitere Ørstakoret og Volda Vokal. Det eine er at dette verket krev ei stor kraft i koret, og det andre er at eit slikt samarbeid kan utvikle solidariske band mellom fleire i lokalsamfunnet.

Fredsmesse

”The Armed Man” vart først framført i år 2000 for å markere at ein forlèt ”det mest krigsherja og destruktive hundreår i menneske si historie”. Verket fortel såleis om frykt, smerte og død grunna krigshandlingar, både gjennom religiøse og sekulære tekstar som spenner over tre tusenår.

Frykt, smerte og død er i aller høgste grad noko verda står ovanfor i dag. Til dømes er den omfattande flyktningskrisa ei krise som rammar og pregar svært mange. Oltedal fortel at ein del av framføringa er ein deklamasjon av det islamske bøneropet, som er ein av flyktningane som er komen til Volda som skal stå for.

– Flyktningskrisa er ei krise som har kome nærmare inn på oss, og som vi føler på kroppen. Messa er ein dialog om fred - trass religiøst standpunkt. Sjølv om vi menneske er ulike i religion, så står vi side om side. Eg trur alle utøvarane har blitt bevega av verket, og eg trur også det vil få i gong mange kjensler blant publikum, seier dirigenten.

Propellhall kulturarena

Den store fredsmessa vil vere det første kulturarrangementet som vert framført i Propellhallen kulturarena, som tidlegare var Scana Propulsion sin industrihall, men som dei no stiller til disposisjon for ulike kulturarrangement. Komponist og dirigent Magnar Åm, som er ein av initiativtakarane bak denne kulturarenaen, har god tru på opningskonserten i helga.

–Det kjem til å bli veldig flott. Klangen i hallen er veldig god. Det blir mektig, slår han fast.

– Eg håper så mange som mogleg kjem til denne fredsmessa, som vi har jobba hardt for å få til, legg Elizabeth Oltedal til.

<strong>Samøving:</strong> Symfoniorkesteret ved Høgskulen, som til fredsmessa også er utvida med ein perkusjonsseksjon, øvde saman med alle dei tre kora i helga.