– Eg meiner dette er det beste av dei fjorten albuma som er gitt ut. Og det er i grunnen slik det skal vere. Eg bør jo bli betre til dette etter kvart som åra går, seier Jostein O. Mo, ansvarleg for Ørsta-album.

– Kvifor er dette det beste?

– Breidda i tema, bildeutvalet og kvaliteten på bilda. Mange av dei er betre på trykk enn i originalutgåve. Tidsspennet i dette albumet er frå om lag 1890 til september i år. Med åra har eg fått eit nettverk rundt om i bygda. Det er mange som kjem med bilde og album, men det kan gjerne kome fleire. Ørsta-album er ein open dugnad.

Tradisjonelt

Det er likevel ikkje så veldig mykje som er forandra samanlikna med tidlegare år.

– Eg meiner eg trefte blink på første forsøk for fjorten år sidan, både med bokbunad og storleik. Vi har skapt ein tradisjon med Ørsta-album, dei er ein fast del av jula for mange. Mange forventar at albumet skal ligge under juletreet. Om det ikkje gjer det, går dei ut og kjøper det ved første høve i romjula, seier Mo.

Albumet er organisert som før. Det er eit tema på kvart oppslag, 49 til saman.

– Det krev ein del arbeid å få på plass temaa. Kvart av dei treng fire gode bilde.

Det er viktig med mange andlet på bilda.

– Det er jo slik at det første folk gjer, er å slå opp i namneregisteret for å sjå om deira namn eller nokon dei kjenner er der. Alle bilda har komplette bildetekster med alle namna på plass, seier han.