Fyrstkomande fredag har storfilmen «Kon-Tiki» premiere på norske kinoar. Med eit budsjett på 88 millionar kroner er dette den dyraste norske filmproduksjonen gjennom tidene, men dei varme meldingane frå fleire av landets største aviser gjev hint om at verket rettferdiggjer den høge prislappen.

– Vi er sjølvsagt svært takksame for dei gode meldingane, og det vert spennande å sjå korleis filmen vert motteke av publikum. Det viktigaste er å sikre ei god oppleving for kvar enkelt sjåar, seier hovudrolleinnehavar Pål Sverre Valheim Hagen, son til VG-teiknar Roar Hagen og med djupe røter i Ørsta.

Spesielt

I filmen har Pål Sverre fått jobben med å portrettere sjølvaste Thor Heyerdahl – eventyraren som sigla med basalflåten «Kon-Tiki» frå Peru til Polynesia i 1947, med mål om å bevise at sistnemnde øy vart folka av sør-amerikanarar, og ikkje av folk frå Asia slik mange forskarar meinte på den tida.

Valheim Hagen seier det var ei spesiell utfordring å ta på seg rolla som Heyerdahl.

– Vi skodespelarar jobbar oftast med rein fiksjon, medan dette er ei historie frå verkelegheita, med ein hovudperson som alle kjenner til. Mange har eit sterkt forhold til Thor Heyerdahl, og samstundes ulike oppfatningar av kven han var. Sånn sett er premisset for prosjektet annleis enn vanleg, sjølv om jobben min er den same, seier Valheim Hagen.

Krevjande

Innspelinga av filmen starta i mai 2011, og gjekk føre seg mellom anna i Middelhavet, Malta og Thailand. Sjølve prosessen med å få i stand filmen har likevel pågått mykje lenger.

– Folk har jobba med prosjektet i fjorten-femten år, og det har vore ein svært krevjande prosess å feste historia til lerretet. Den største takken bør uansett rettast til Heyerdahl og mannskapet hans, som har bidrege til at vi faktisk har denne forteljinga, seier Valheim Hagen.

Vegen vidare

– Kva er neste steg for Pål Sverre no?

– Eg har faktisk spelt inn ein film i sommar med namn Gåten Ragnarok. Dette er ein ganske annleis film, som eg håpar fell i smak både hjå store og små.

«Kon-Tiki» har premiere fyrstkomande fredag.