«Den gylne spaserstokk» er namnet på ein gå-trimtur for pensjonistar i nærleiken, som er arrangert kvar onsdag. Trimmen vart starta av Møre og Romsdal Idrettskrets i 1988, og er sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Dette er kanskje ei turgruppe som mange ikkje veit om, og difor ønskjer turmedlemmane å setje lys på dette for at fleire skal bli med.

Ein gong i veka

– Frå mai til oktober er det kvar onsdag føremiddag arrangert gåturar ulike stadar i nærområdet. For kvar tur samlast vi på Bakk-Ola-Marka, der vi fleire gongar også har tinga middag før vi går på tur, som vi et saman når vi kjem tilbake igjen. Vi har det veldig sosialt og kjekt i lag, og har eit ønske om at fleire skal bli med. Mange sit kanskje einsame heime, og vegrar seg for å bli med på tur. Det bør dei ikkje. På turane går vi i ulikt tempo og tilpassar oss kvarandre. Turane er eit fint bindeledd for sosialt samvær og for å bli kjende med andre.

Alle som har ei eller anna form for pensjoniststatus vil også få delt ut eit trimkort av Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Etter å ha gjennomført minst 20 trimturar, og dermed fylt opp turkortet, vil Sparebank 1 Søre Sunnmøre premiere deltakaren med ein vandrestav med same namn som trimturen: «Den gylne spaserstokk. Dei komande åra etter dette får ein ved deltaking delt ut merker til å feste på staven.

– Det er vi i gruppa som lagar turprogram. Vi er både i nærområdet, men har også teke minibuss lenger vekk. Meir info om tidspunkt og stad finn ein i annonsen Bakk-Ola-Marka har i Møre-Nytt laurdagar.

<strong>På tur:</strong> Ein av turane dei har vore med på gjekk til Fjellsætra i Sykkylven. Denne dagen fekk dei låne minibuss med Sparebank 1. Kvar onsdag er ny gåtur arrangert. Turane handlar først og fremst om sosialt samvær.