Som aller siste smakebit før albumet "ooo what happened" blir sleppt 20. mars, lanserte Egil Olsen onsdag singelen "Autopilot" med tilhøyrande musikkvideo.

– Dette er ein låt som gir ein god peikepinn på albumets mange melodiøse og melankolske kvalitetar. Teksta er ærlegare og meir direkte enn Olsen normalt har vore låtane sine til no. Dette pregar også det komande albumet hans, skriv plateselskapet til ørstingen i ei pressemelding.

Dei to førre singlane til Olsen, "Find a Way" og "Good Talk", var begge spelelista på NRK P1.

Olsen har sjølv regissert musikkvideoen.

– Den komande plata er krydra med gamle analoge synthar. Ein kompis av meg sende meg ein sms etter at han hadde høyrt den. I SMSen stod det tre bokstavar: VHS. Det tok eg som eit stort kompliment. Eg ville prøve å fange noko av den nostalgiske stemninga i gamle sci-fi- og skrekkfilmar, så VHS er ei fin skildring. Då eg laga "Autopilot"-videoen, leita eg fram det gamle videoutstyret eg fekk i konfirmasjonsgåve, og køyrde alt gjennom analog videoredigering på VHS.

Sjå musikkvideoen øvst i artikkelen.

Han avslører også at tekstplakaten om bruk av profesjonelle modellar på slutten av videoen er henta frå ein gammal pornofilm ørstingen fann i VHS-samlinga si.