– Kvar vart det av skjegget til nissen no då?, spør ein liten gut høgt til mora si i salen.

Det var tydeleg at musikken og jakta på Julenissen sitt magiske skjegg engasjerte dei mange borna blant publikum då Volda og Ørsta Korskule og dramagruppa ved Kulturskulen i Ørsta hadde gleda av å framføre syngjespelet Putti Plutti Pott i Ivar Aasen-tunet i helga. Begge dagane var det fulle salar på tunet.

– Vi framførte dette stykket i fjor, men det viste seg å vere så populært at vi valde å setje det opp i år også. Det er gledeleg at så mange tok turen hit for å sjå på, seier Brynhild Hovden, dirigent for korskulen og lærar for dramagruppa.

På jakt etter skjegget

Korskulen og dramagruppa presenterte saman delar av det originale eventyret som Per Asplin står bak.

Nisseguten Putti Plutti Plott hadde tjuvlånt det magiske skjegget til bestefaren, sjølve Julenissen, som gjorde at Putti Plutti Pott vart transportert til menneskeverda. På vegen tilbake til Nisseland møter Putti Plutti Pott menneske for første gong, og det skjer ei rekkje artige og dramatiske hendingar.

– No fekk eg lyst til å byrje på dramagruppa igjen. Det er så gøy å sjå kva dei får til, kommenterte Taroline Reklev Øverbø (13) etter premiera fredag.

Dei flinke borna frå korskulen, heilt nede i femårsalderen, song fleire av julesongane i stykket til Asplin, mellom anna ”Spikke-Sage-Lime-Bake”, ”Allting Ordner Seg” og ”Hei Hå Nå Er Det Jul Igjen”.

Kjekt med drama

–Det var veldig gøy, men litt varmt med ullklede, kommenterte Åsmund Hovland (13) då han var ferdig på scena. Han spelte figuren ”Jokkum”.

Åsmund var også med då dei framførte stykket i fjor, men det var ikkje han i mot, spesielt sidan dei bytta om på rollene i år.

–Vi har det veldig kjekt på øving og på scena. Det er så god stemning liksom, fortel han vidare.

Marie Haugen (18) er samd. Ho har vore med i dramagruppa i nær åtte år, og ho trur det er god læring for unge å vere med på dette.

–Det er så fint å kople av og leve seg inn i ei anna rolle. Eg trur det er ein veldig fin måte å lære seg å stikke seg litt fram på, og ikkje vere redd for å tabbe seg ut. Det trur eg er god læring for oss unge. Utviklinga eg har hatt frå første gong eg var på scena og fram til no har vore stor, fortel Marie.

– Vi kan verkeleg anbefale dette til andre som er interesserte, opplyser dei engasjerte ungdomane i dramagruppa.

Lærar Brynhild Hovden vil gjerne ha fleire med på laget:

– Dersom nokon ønskjer å byrje etter nyttår er det berre å ta kontakt, oppmodar ho.