– Dette var ein veldig fin konsert som vi gledde oss stort til. Slike gudstenester skulle vi ønske at også vart arrangert der vi bur, fortel Margrethe Høybakk frå Giske, men som har hytte i Bondalen.

Sjå video av Per Ove Flatnes sin versjon av «Bridge Over Troubled Water» i vindauget over. Videoen er produsert av Roger Oldeide, og blir publisert etter avtale.

Det vart rekna fram til at i underkant 250 møtte i kyrkja til konserten, og sokneprest og initiativtakar Espen Aarset var tydeleg nøgd med å sjå ei fullsett kyrkje denne søndagskvelden:

– Dette gjekk over all forventing. Ekstra kjekt er det å kunne fylle heile kyrkja, og å sjå at så mange som vanlegvis ikkje er i kyrkja tok turen hit i kveld. Gode ord viser at dette er noko folk ønskjer seg meir av.

At konsertar som dette gav meirsmak kom fram blant fleire i publikum.

– Det var veldig kjekt å få ei anna oppleving i kyrkja. Det viser seg at gudstenester som dette gjer terskelen om å gå i kyrkja lågare. Gudstenester med musikk kunne eg tenkt meg endå meir av. Eg håper at eg som nyvalt i soknerådet kan hjelpe å påverke til det, fortel Siw Bjørdal Lillebø.

Gudsteneste med særpreg

Under Elvis-gudstenesta fletta sokneprest Espen Aarset inn historier frå livet til Elvis, og korleis «The King» lét seg inspirere av Jesus, som tydeleg kjem fram i eit fleirtal av songtekstane hans.

Elvis-gudstenesta er den andre gudstenesta av spesielle gudstenester i Hjørundfjord kyrkje, då det for ei tid tilbake også var Johnny cash-gudsteneste der. Begge kveldane var kyrkja fullsett. Soknerådet skryt av soknepresten som har teke initiativ:

– På vegner av soknerådet vil vi hylle Espen. Han er ei utruleg drivkraft, og denne kvelden hadde aldri gått utan han, fortel Ann Helene Wille.

– Eg var den som drog i trådane for å få til denne konserten, men det var stor velvilje frå både band og andre som har hjelpt til med dugnad. For meg er det er veldig givande og inspirerande å høyre musikk i gudstenester. Om det var opp til meg så kan dette verte ein årleg tradisjon. Eg er open for fleire gudstenester med særpreg, og har nokre idear på lur. Men eg ønskjer gjerne forslag frå andre, fortel Aarset.

<strong>Elvis-gudsteneste:</strong> Hjørundfjord sokneråd inviterte til ei litt annleis gudsteneste søndag kveld, då Elvis-imitator, Per Ove Flatnes, saman med bandmedlemmane Jan Rune Frøland, Frode Riise, Tor Grunde Simonsen og Bendik Hustadnes stilte opp til Elvis-konsert under gudstenesta.
<strong>Takkar:</strong> Sokneprest og initiativtakar til konserten, Espen Aarset, var svært tilfreds over kvelden.
<strong>Lys:</strong> Den vakre musikken saman med den dempa og vakre lyssetjinga ved alteret laga ei magisk stemning inne i kyrkja, denne stille og mørke haustkvelden.