For mange har det vorte ein tradisjon å reise på datatreff, eller LAN-party som det også verte kalla, i haustferiane. ModusLAN er det einaste datatreffet i sitt slag i Ørsta og Volda, og vart arrangert for sjette gong torsdag til laurdag.

På eit datatreff samlast ungdom med kvar sine datamaskiner for å spele spel, surfe på nettet og vere sosiale med ein elles asosial aktivitet.

Tidlegare år har det vore ei skuleklasse på Media og kommunikasjonsfag på Volda vidaregåande skule som har stått bak ModusLAN, men no har det vorte registrert som ein sjølvstendig ideell organisasjon med eige styre og stell.

– Deler opplevingar

Årets datatreff fann stad i flatsalen på kulturhuset. Bak mørke gardiner som stengde sola ute, var 140 ungdomar benka framfor kvar si datamaskin for maratonspeling. I meir enn to heile døgn var bilspel og skytespel den største aktiviteten blant tenåringane på kulturhuset.

– Datatreff har endra seg frå tidlegare. No handlar det mindre om det å dele filer, men heller om å dele opplevingar. Tidlegare var det sett på som litt «nerdete» å reise på dataparty, men no har folk gjerne med seg berre ein Playstation og TV og spelar spel. Vi har prøvd å få til ein del kreative ting, men oppslutnaden om det har vore liten, seier Benjamin Ulstein, som er ein av arrangørane bak treffet.

– Kvifor reiser du på datatreff?

– For min del handlar det om stemninga, og å vere med i fellesskapet det vert når så mange med felles interesse møtes samtidig.

Utselt kvar gong

Datatreff har vore populært sidan datamaskiner vart allemannseige, og sjølv om aktivitetane på treffa har endra seg, er dei framleis populære. Dei 140 billettane til årets ModusLAN vart rivne vekk berre tre timar etter dei vart lagt ut for sal. Difor vil arrangørane prøve å auke kapasiteten før neste treff.

– No når vi har vorte ideell organisasjon øskjer vi å ta steget vidare og utvide ModusLAN. Det vert utselt på eit par timar kvar gong, så etterspurnaden er stor. Om vi hadde hatt eit større lokale, kunne vi også trekt fleire deltakarar frå Volda, seier Ulstein.

I to døgn var 140 ungdomar samla på kulturhuset for å spele dataspel.