Styrar Heidi Brunstad Øyehaug snakkar overbevisande. Regnet som ausa ned før på dag ser ut til å vike plassen for sola. I Brudavolltunet er det kokt opp 100 kilo med rømmegraut, og inne står Torhild Øie og Kari Ryslett og lagar høvesvis natronkake og flatbrød. Tradisjonen med Olsok-stemne i Brudavolltunet er sterk, og i år vert dagen markert for 21. gong.

- Det var ein liten gut som sa at dette er bursdagen til Brudavolltunet. Og han har vel nesten rett i det, sjølv om det sjølvsagt er Olsok vi feirar, seier Brunstad Øyehaug.

Tradisjonen var det no pensjonerte sokneprest Matias Austrheim som tok opp, saman med bygdemuseumslaget.

- Det er første gong vi er her, men slett ikkje den siste, seier Gitte Gjersdal.

Ho har med seg sønene Gustav og Alfred Jonassen Gjersdal. Dei bur i Oslo, men har slekt i Austefjorden, og er heime på sommarferie.

- Det er nydeleg her. Og rømmegrauten var også nydeleg, rosar ho.

Melle spelte musikk til maten.

Lenger borte på marka står Alva og Anne-Lise Hovdenak og testar ut sageferdigheitene sine. Dei er også på sommarbesøk i Ørsta, og har teke turen frå Arendal.

- Det er fantastisk å vere her. Og veret fasinerer også. Det går frå tjukk skodde til sol til regn. Heilt flott, seier Anne-Lise.

Sokneprest Arne Moltubak heldt gudstenesta.