– Det er lenge sidan eg har stått på den scena, seier Ellingsen, og hugsar tilbake til då han var liten og deltok på ungdommens kulturmønstring.

Oppdaga jazzen

Det var slik det starta. Som ung var han med i rockeband og spelte AC/DC og Metallica.

– Men som 16 åring oppdaga eg jazzen på ein konsert under studentveka i Volda. Der var eit band som spelte ekspresjonistisk og energisk jazz. Dei hadde ein enorm energi som eg kjende att frå rocken, men den var mykje villare og friare. Eg forstod ikkje så mykje, men eg synest det var veldig spennande.

Damplokomotiv

No jobbar han fulltid som jazzmusikar. Han gjekk musikklina i Volda i si tid, og tok deretter bachelor og master i jazz ved Leeds College of Music i England.

– Det er ti år sidan no. Og sidan då har eg reist rundt i Noreg, Europa og Asia og spelt på alt frå små jazzklubbar til store festivalar i India.

Og no er det duka for konsert på heimebane, når Hot Club de Norvège kjem på besøk. Audun Ellingsen har vore vikar på kontrabass dei siste fire-fem åra, når bandet har hatt behov for han.

– Det er jo litt spesielt. Dei har halde det gåande like lenge som eg har levd, sidan 1979. Dei er eit damplokomotiv av eit band, seier han engasjert.

Volvo stasjonsvogn

Hot Club de Norvège er ein norsk jazzkvartett, kjent for kontinuerleg turnéverksemd i Noreg heilt sidan 70-talet, i tillegg har dei gitt ut ei rekkje plater med utgangspunkt i musikken til den franske sigøynerartisten Django Reinhardt.

– Dei spelar hundrevis av konsertar kvart år, og turnerer stort sett rundt i ei Volvo stasjonsvogn. Dette er ekte vare. Dei er også eit veldig energisk og flott liveband, seier Ellingsen.

Heimebane

I tillegg til å stille som vikar i andre band, er Ellingsen også engasjert i fleire eigne prosjekt. Han har også gitt ut to plater med sitt eige band, Audun Automat.

At Hot Club de Norvége hadde behov for vikar på kontrabass akkurat når dei skulle til Ørsta var tilfeldig, men heldig for Ellingsen. Han ser fram til å spele på heimebane.

– Eg er jo mykje heime i Ørsta i feriane og slike ting, og arrangerer også Sommarljom-festival om somrane, men å få spele på kulturhuset vert spesielt og kjekt trur eg.