Boel er det fyrste namnet som erklart til den komande bluesfestivalen, og stadfestar arrangørane i Bratt &Blått sitt ynske om framleis å satse internasjonalt i artistmiksen underfestivalen.

Soul

Boel har selt over 2,5 millionarplater, og er mellom Skandinavia sine mest populære musikarar. Ho stårsoul-sjangeren nærmast, men spelar også jazz og pop.

Boel  arbeidde  som musikkpedagog i fleire år, men var samstundesogså medlem av gruppa Blast frå 1981 til 1986. I 1988 lanserte ho debutalbumet BlackWolf. Sidan fekk ho gjennombrotet, og er Danmark sin mestseljande artist.

Fyrste helga i juli

Trandalbluesi 2014 vert halde fredag 4. og laurdag 5. juli. Bratt & Blått kjem tilbakemed fleire artistnamn etter kvart.

Trandalbluesi 2013 vil gå over i historia som ein av dei beste, med musikalske høgdepunktsom Lazy Lester og Brazz Brothers.