Saman med Øystein Dahle Egset inviterer ho til tre kreative og morosame dagar på Volda samfunnshus i tida 28. juli til 30. juli.

Då arrangerer Lødemel og Egset, i samband med Naturfestivalen, musikalsk arbeidsverkstad for born frå seks til 12 år.

– Det vert lagt opp til kreative, musikalske leikar, og song, dans og rørsler der vatn er tema for alt, fortel Ruth Olina Lødemel. Ho er glad for at Naturfestivalen tok kontakt med spørsmål om dei kunne vere med og lage eit kreativt arrangement for born under festivalen.

Bygdetun

– Siste kursdagen vert det framsyning på scena på Volda Bygdetun. Det skal verte spennande. Eg vonar mange born vil melde seg på til desse dagane, oppmodar Ruth Olina.

Ho har mange jarn i elden og er travelt oppteken. I desse dagar har ho vore på Molde og sunge førjulskonsert med Storywille Storband i samband med jazzfestivalen. Der fekk ho trampeklapp. I jazzbyen deltok ho også på jazzgudstenesta som vart overført til NRK P1. I tillegg song ørstingen i Alexandraparken.

Allsidig musikar

Øystein Dahle Egset har bachelor i musikk frå Volda. Han har vore musikar i Oslo-området i ei årerekkje. Har og delteke i musikkprosjekt i m.a. Japan og Kina. Han er ein allsidig musikar som også har eige instrument-reparasjonsverkstad i Volda.

Ruth Olina Lødemel har teke utdanning i song/vokal ved Norges musikkhøgskole og vokalpedagogikk på Barrat Dues Musikkinstitutt. Ho har livnært seg som utøvande songar og musikar i Oslo-området i ei årerekkje.

Siste tida har Lødemel reist rundt med stykket "Ervingen" i samband med Språkåret, der Lødemel sin egen musikk, skodespel og song har vorte presentert.

Påmelding

Det er avgrensa med plassar på arbeidsverkstaden på Volda samfunnshus. Påmelding er innan 25. juli til Naturfestivalen.

Arrangør av verkstaden er Klanglab / Evokultur og Naturfestivalen.