– Vi er svært glade for samarbeidet med Volda fotball. Temaet Grenselaust har inspirert oss til å tenkje på nye arenaer og annleis aktivitetar. Vi gler oss til både å høyre om og møte «Keeperkongen» på Volda stadion, seier programansvarleg Karine Munch.

Keeperkongen er Atle Berge si tredje bok i fotballserien om Barcelona-gjengen. Han er frå Hjelmtveit i Nordhordland og debuterte med romanen Muntergang i 2010. Han les frå bøkene før borna får prøve å lage mål på vår eigen målmann. Forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, har ifølgje rykta ei fortid som storkeeper. Fredag under Festspela får vi sjå om ho kan hente fram gamle kunster og leve opp til rolla som keeperkonge.

– Volda er ein stor jentefotballklubb, med jentelag på alle alderssteg. Difor er det ekstra kjekt at keeperkongen i boka er ei kvinne. Den årvisse Tine fotballskule blir arrangert same veka, og dette vil vere ei fin avrunding på fotballveka, seier dagleg leiar Åse Leikanger i Volda Turn og Idrettslag.

Arrangementet er gratis og tilrettelagt for born frå 1. til 5. klasse. Ei lita lesestund med forfattaren er tenkt som inspirasjon til aktiviteten vidare. Kjekke premiar blir lodda ut under arrangementet, fortel Munch.

Barcelona-gjengen er ein lettlesen fotballserie som tek fotball på alvor. Det handlar om gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar som vil vinne for einkvar pris.