Kapteinskvia på Sæbø har vorte eit viktig rekreasjonsområde i bygda. Frå før er badestranda eit viktig samlingsområde, og med å stelle til sjølve Kapteinskvia ovanfor Sæbønesvegen, har området fått ein endå større bruksverdi.

Aktivum

Grindløa er den førebels siste brikka i arbeidet med å få til dette. Den nye grindløa vil verte eit stort aktivum. Under tak kan det benke seg om lag sytti personar, og sjølvsagt er grindløa bygt på dugnad.

– Arbeidet tok til i fjor vinter med eit kurs i bygging av grindløer. Der var det god oppslutnad, og sidan har både unge og dei litt eldre stått på for å få grindløa bygt, fortel Riise Olsen. Ho takka laurdag alle som har vore med på å få realisert grindløa, det vil seie dugnadsfolk, sponsorar og andre som har kome med pengegåver.

– Prosjektet vart eigentleg starta av Hjørundfjord bygdemobilisering. Det vart laga teikningar for korleis Kapteinskvia kunne verte eit parkområde, og det vart laga kalkylar. Arbeidet stoppa etter kvart opp, og då bygdemobiliseringa avslutta sitt arbeid, tok grendelaget over dette prosjektet. Vi bestemte oss raskt for å redusere det, og sjå kva som var mogleg å realisere, fortel Riise Olsen.

Gåver

Det var samla inn pengar til prosjektet, og 90.000 kroner i reine pengar har vorte gjeve anten som gåver eller stønad.

– Det er stort at vi no er ferdig med grindløa, og vi håper ho vert eit aktivum i bygda.#<\p>Det neste prosjektet her på Kapteinskvia er ein utegrill, og han er under arbeid. Han skal murast opp med fleire kammer, slik at han kan høve både til ein liten familie, eller til eit stort samkome, fortel#<\p>Riise Olsen.

Kaptein Due

Ho håper og trur Kapteinskvia no vert mykje nytta. For det er meininga med heile prosjektet.

Kapteinskvia ligg i Sandvika i Sæbø, og har namnet sitt frå Johannes Due som var i Hæren på 1700-talet. Han hadde hus på området. Kvie tyder liten stad, og slik vart området etter kvart namngjeve. Grova som renn forbi Kapteinskvia heiter då også Duegrova.

Marit Riise Olsen i Sæbø grendelag håper den nye grindløa vert nytta. Foto: Rune Sæbønes