Turneen starta i Berlin, gjekk vidare til Stavanger, Oslo, Hamar og Bergen før Ørsta står for tur førstkomande onsdag. Då besøkjer musikaren Kunsthuset saman med Natalie Sandtorv frå Ålesund. Saman utgjer dei duoen The Jist.

«Kunstmusikk»

Torgeir Hovden Standal sitt instrument er gitar, mens Natalie Sandtorv har vokal som sin spesialitet.

– Men folk må vere budde på at musikkuttrykket ikkje nødvendigvis er slik dei hadde venta, seier Standal.

For i tillegg til gitar og vokal nyttar dei seg også av elektronikk. Improvisasjon er også eit stikkord.

– Vi veit aldri kva vi skal spele før vi står på scena. Det er det som gjer det heile så interessant, fortel han.

Kunsthuset er heller ikkje eit tilfeldig val av scene.

– Det seier litt om heile prosjektet.

Kaihus og kulturskule

Torgeir Hovden Standal studerer musikk ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Vegen dit har gått via kulturskulen og Kaihuset i Ørsta.

– Utan desse to tilboda hadde eg ikkje vore der eg er i dag. På Kaihuset fekk vi tilbod om øvingslokale, innspelingsmulegheiter og samspeltimar. I tillegg fekk eg individuell undervisning på kulturskulen. Vi hadde det som plomma i egget, seier Standal.

Han fortel at fleire av venene frå barndomen også har gått vidare med musikken.

– Fleire spelar eg også saman med den dag i dag. Det er fantastisk at det har vore slik.

Eit tenkjande publikum

Standal var altså scenevand frå ung alder. Erfaringa har kome til god nytte. Duoen The Jist har også stått på scena saman ved fleire høve. Dei kallar musikken sin abstrakt.

– Vi gir ulike konsertopplevingar kvar gong. Det er veldig gøy, også for oss som står på scena. Det vi spelar er ei samling av inntrykk som kjem til uttrykk gjennom musikken. Det kan vere noko vi har opplevd, sinnsstemninga vår, eller andre ting som påverkar oss. Vi appellerer kanskje til eit meir tenkjande publikum, trur Standal.

Han meiner likevel at musikken deira ikkje skal ekskludere nokon.

– Alle kan få ei oppleving av å høyre på oss. Det er som med abstrakt biletkunst, berre auditivt, seier han.

The Jist

Namnet bandet har valt seg er ei slengskildring av «Gist».

– Namnet vert brukt som ei forklaring på noko som er komplekst og vanskeleg. Det er ei veksande scene for improvisert musikk i Noreg, som til tider er meir abstrakt enn det vi framfører. Det grensar mot støysjangeren, seier Standal.

Dei avtalar verken tonar eller melodiar før dei går på scena.

– Det er det som er så gøy. At vi ikkje veit. Det startar ikkje med konkrete tonar, men kan fort ende opp i ein melodi eller ein harmoni. Det er aldri godt å vite kvar musikken vil ta vegen.

Standal skildrar det som ein samtale mellom to musikarar basert på lytting og respons. Dei er heilt avhengige av god kommunikasjon gjennom musikken for å kunne skape eit godt resultat. Dette baserer seg på lytting, respons, og det å gi og ta plass for kvarandre.

No håper Standal at publikum i Ørsta og Volda vil leggje turen innom Kunsthuset onsdag kveld.

– Eg trur alle kan få noko ut av dette. Og det er topp at vi får spele på Kunsthuset. Eg trur musikken vår vil passe veldig godt til kunsten som heng der.