Men slik vart det, og for så vidt har den gode H.C vorte kjend over heile verda gjennom dei mange eventyra og forteljingane han skreiv, som bakgrunn og inspirasjon for teater, film, konsertar og ballettframsyningar.

Også på scena i Kulturhuset i Ørsta.

Dei haustar stor ære, alle dei eldsjelene som får dette til, frå dei lokale «styresmaktene» i ballettskulen til instruktørane, alle slags medhjelparar og dansarane.

– Len dokke godt tilbake i stolane og nyt det! sa primus motor i ballettskulen vår, Synnøve Rekkedal Hill, til publikum før det heile starta.

Og vi gjorde nesten som ho sa, bortsett frå at stolane i kinosalen absolutt ikkje eignar seg til tilbakelening.

Sjå biletserie her.

The best performance, ever!

Vi naut det. For å sitere OL-boss Samaranch, då han gav karakter til OL på Lillehammer; litt omskrive: The best performance, ever!

Dette var ballett i verdsklasse, ikkje minst takka vere dei to tsjekkiske dansarane, Jakub Rasek og Anna Knollova som nettopp har vunne prisar for dansen sin i internasjonale dansekonkurransar. Vi har altså ikkje med «småfisk» å gjere. Dei var her også i fjor, men eg vågar påstanden at denne framsyninga slo alt vi har sett frå før. Og det gjeld for så vidt alt: kostyme, kulisser, videoprojeksjon, koreografi, musikk og dansarar.

Hand i hanske

Eg vil spesielt nemne musikken. Renata Nagy Vynikalova må ha meir enn mykje kjennskap til musikk. All musikken til denne framsyninga har ho henta her-og-der-ifrå. Og på framifrå måte passa musikken til handlinga som såkalla hand i hanske. Om du ville det, kunne du godt late att auga og berre nyte musikken. Men då ville du gå glipp av dansarane som stundom nesten trollbatt oss. For dette er Renata sitt verk, og sjølv spelte ho Snødronninga så overtydande, maktsterk, intrikat, vond.

Handlinga i Snødronninga er skrive ein del om i avisene før, så eg skal ikkje hefte lesarane med den. Å skildre dansarane, er heller ikkje enkelt, for dei strøymde på, bilete etter bilete, akkurat slik vi ventar oss ballett på det aller vakraste. Dei store og dei sjarmerande små. Og midt oppi alt, heile tida, dei to forelska, rollefigurane Gerda og Kay.

Køyr film

Og så «trollmannen» sjølv, Jiri, som endå ein gong overtydde med sine fantastiske kulisser og videoanimasjon og lys og lyd. For eit kunstnarpar vi har!

Så eg er mest freista til å bruke uttrykket: Køyr film! La bileta tale, sjølv om vi også her berre får einskilde glimt.

Blomar og takk

Etter teppefall og begeistra vinking frå alle dei små mot kjende og kjære i salen, var det blomar frå kultursjefen Liv Bente Viddal, og blomar og takk til hovudrollene. Jiri takka for honnøren med å lansere Synnøve Rekkedal Hill som neste kulturminister i Norge.

Og dei to tsjekkiske dansarane fekk kvar si gode vinterjakke, mot vinterkulda. Med all varmen frå aktørar og publikum, trong dei neppe tjukke jakker.

Og alle vi andre, små og store tusla ut i vinternatta, litt opprømte, glade og begeistra og merka nesten ikkje at det var under ti minusgrader.