- Vi likar kombinasjonen av fersk litteratur og nybakt brød,seier damene som går saman i ein leseklubb i Volda. Fredag føremiddag var deipå Mylneriet i Volda og høyrde på forfattaren Aina Basso. Dei var ærlege på atdei kunne ynskt seg fleire liknande arrangement under festspela.

Ungdomsromanen "Inn i elden" kom i 2012. Denhandlar om hekseprosessane i Finnmark på 1620-talet. Hovudpersonane er Elen ogDorothe.

Aina Basso

På Mylneriet las forfattaren Aina Bosso to utdrag frå bokasi. Etterpå var det råd å stille spørsmål i plenum eller snakke med henne påtomannshand.

Fleire nytta sjansen og tok kontakt. Det gjorde også damenei leseklubben.

- Du kan godt skrive at slike intime arrangement er midt i blinken.Det kunne godt vore meir av slikt. Folk kjem  nærare forfattarane på denne måten, og ein kaneventuelt spørje dei om ting ein lurer på. Dessutan trur vi det er eitlågterskeltilbod. Intimkonsertar er vi også beigeistra for, seier Anne SteinsvikNordal  og Ingrid Slettevoll.

Gav meirsmak

- Hadde de lese noko av Basso før de kom hit i dag?

- Ikkje bøkene hennar, men  petitar ho har skrive  i Sunnmørsposten, seier Anne og legg til atno kunne ho godt tenkje seg å lese bøkene hennar no og opplesinga gav meirsmak.

Ingjerd Taavik budde i Finnmark frå 1979 til 1983, og syntesdifor innhaldet om hekseprosessane høyrdes  ekstra interessant ut.

- Kvinne- og kulturhistoria syner kor forsiktige kvinnenemåtte vere for å skjule sin kunnskap og si innsikt, seier Ingjerd.

- Skal de på andre arrangement under festspela?

- Ja, vi skal i alle fall på Stein Torleif Bjella i kveld,og gler oss veldig til det, seier dei leseglade damene.

Ættar frå Finnmark

Bosso er utdannahistorikar. Ho har vakse opp på Giske, men er av kvensk slekt på farssida.Forfattaren  har skrive fleire romanarder unge kvinner er hovudpersonane, og der handlinga går føre seg på1600-1700talet.

- Kva var bakgrunnen for at du skreiv om akkurat om dettetemaet?

- Ein av grunnane er vel at far min er frå Finnmark, frå einstad som heiter Skallevik. Dessutan skreiv eg ei semesteroppgåve omhekseprosessane då eg studerte historie ved NTNU. Men det var medan eg var påferie i Finnmark, og besøkte Vardø at eg bestemte meg for å skrive ei bok. Egfann fram oppgåva eg hadde skreve tidlegare, og starta på skriveprosessen medaneg var der oppe, fortel ho.

- Kor lang tid brukte du på "Inn i elden"?

- Ofte tek det fleire år å skrive ei bok. Men denne bokagjorde eg ferdig på eit år, seier forfattaren.

- Korleis  arbeiddedu?

- Eg valde å ha med to hovudpersonar. Og så skreiv eg littfakta innimellom i kursiv. Dei to unge jentene eg skreiv om møttes etterkvar ihandlinga, fortel Basso.

Gode og dårlege periodar

- Går det like lett å skrive heile tida?

- Nei, det er gode og dårlege periodar.

- Kva gjer du når du står fast?

- Då tek eg meg ei pause. Av og til nyttar eg den til å leserelevant  litteratur, seier ho.

Forfattaren understrekar vidare at ho har fått mykje gratisstoff gjennom kjeldene.

- Det at folk kunne få trolldom gjennom å ete ei skive medsmør, hadde eg til dømes aldri  funne påsjølv, vedgår ho.

- Du skildrar røffe saker, korleis er det å skrive om slikt?

- Det er til tider tøft. Og ein må verkeleg leve seg inn idet ein diktar, slik at det blir levande og ekte for dei som les, avsluttarforfattar Aina Basso.