Det var stor stemning i Vikeparken i Ørsta torsdag kveld. Hellbillies-konserten trekte mykje folk.

Dei nynorske festspela har satsa stort på ein friluftskonsert i år. Veret kunne i alle fall ikkje klaffe betre. Det vart ein flott sommarkveld i Ørsta, og folk koste seg på konserten.

Det var eit publikum på kring 700-800 til stades på konserten.

Ein viktig grunn til at Hellbillies spelte opningskonsert var at bandmedlem Arne Moslåtten er årets festspeldiktar.