140.703 personar tok turen på kino denne helga for å sjå Noregs første katastrofefilm Bølgen.

– Vi har hatt kjempebesøk og over 1.200 personar har sett den i løpet av helga. Det har vore slikt trykk i helga at no køyrer vi på og viser filmen kvar dag fram til og med søndag, seier kinosjef Janne M.G. Skarstein.

Det har vore fullt i kinosalen etter premieren fredag, og det er framleis trykk på billettane for dei som ikkje har fått sett Bølgen.

– Det er framleis trykk på billettane, men det er ikkje sikkert at kinosalen vil vere så fullstappa til dei neste framsyningane. For dei som har tenkt å sjå filmen på kino har dei moglegheit denne veka. På valdagen 14. september sett vi og opp filmen som dagkino, og då kan folk kome å stemme og sjå på kino etterpå.

Kinosjefen tykkjer det er kjekt med fulle hus, og høyrer godord om filmen.

– Det eg høyrer er at publikum likar filmen veldig godt. Det er ein film alle bør sjå, og den er samtaleemne no.