Det var Strandadagar i helga, og i samband med det arrangerte veteranbilmiljøet i bygda biltur til vakre Urke.

– Vi fekk ei kraftig regnbyge på Hellesylt, så dei med opent tak måtte trekke på taket. Men seinare vart det berre betre og betre vêr, seier primus motor Jack Kjølås. Då følgjet kom til Urke, var det strålande sol.

– Korleis var det å køyre i Norangsdalen?

– Dalen er spektakulær. Vi hadde med folk frå Sogn og Fjordane som ikkje hadde vore på desse kantane, og dei var veldig overraska over kor flott naturen er her oppe.

Bilane vart viste fram til bilinteresserte gjestar, og spiste kake og vaflar på uteserveringa til Urke Kaihus.

– Eg var her tidlegare i sommar, og tilfeldigvis stoppa eg her. Eg vart veldig godt motteken og overraska over kva de har fått til her, seier Kjølås.

På Urke møtte følgjet veteranbilar som var komne frå Ørsta, Hareid og Sæbø.

– Vi var ikkje klar over at det kom så mange, og det var veldig kjekt. Vi har lyst til å få til meir av dette framover, seier Jack Kjølås.

Tekst og foto: Andreas Lindbæk