Lydteknikaren Erik Valderhaug vart laurdag tildelt Bratt & Blått-prisen for 2015.

Det er arrangørane av Trandalblues som deler ut Bratt & Blått-prisen. Har har tidlegare gått m.a. til Lazy Lester og Jarle Støyva.

– I år var vi ikkje i tvil, sa Kyrre Grimstad då han delte ut prisen, og siterte Ivar Aasen og Til lags åt alle kan ingen gjera.

– For vår mann hjelper den som treng det mest. Og han gjer truleg dei fleste til lags. Nettopp difor fortener han all heider, sa Grimstad.

Grimstad peika på at anlegg og utstyr ikkje er vanskeleg å få kjøpt.

– Men det er styringa av dette som gjeld. Erik Valderhaug har eit framifrå rykte, og artistar som spør om lyden vert rolege når vi seier at vi brukar Noreg sin beste lydteknikar, heiter det i grunngjevinga.

– Musikk er lyd. Og det er det aller viktigaste. Vi har i mange år hatt ein av dei beste til å ordne dette for oss, sa Grimstad då han saman med gjengen i Bratt & Blått delte ut prisen.