– Eg fekk nyss om at Ivar Aasen-tunet hadde fått store bilde i kaféen og at desse hadde teke ned lyden hjå dei. Så idéen kjem derifrå. Klangen i lokalet er no heilt prima. Ein kan snakke normalt. Spesielt dei med høyreapparat har hatt problem tidlegare, og det har også vore utfordrande å ha undervisning i lokalet mellom anna. Sidan bygget var nytt, har det vore snakk om lyddemping. Museumslaget tek halve kostnaden med dette arbeidet, fortel avdelingsleiar Heidi Brunstad Øyehaug på bygdetunet.

Reklameprint har halde på i 30 år med profileringsarbeid, og levert skilt, messe- og dekorprodukt til næringslivet.

Utsmykking

– Produktet lydplater/akustiske plater vert mykje brukt i veggar og tak under byggjeprosessar. Desse platene går også under namnet himlingsplater. Det er slik at krava til lydisolering i bygg er strengare no enn dei var tidlegare. Difor er ein del eldre bygningar og lokale ikkje lydisolerte etter dagens krav noko som medfører dårleg akustikk. Då kan vi hjelpe på problemet med plater som blir printa på og som vert brukt som utsmykking, det vere seg bilde eller andre motiv. Dette vert finare enn å hengje opp kvite plater, seier dagleg leiar Torgeir Skauvik hjå Reklameprint AS i Ålesund.

For å kunne printe på slike store plater er ein avhengig av ein skrivar som skriv direkte på plater. Å kjøpe inn utstyr til dette er ei ganske stor investering å ta for ei verksemd.

– Vi starta med dette for kring tre år sidan, då vi satsa på ein stor plateskrivar som kan printe plater på 2,5 x 3 meter og med ein tjukkelse på 6,4 cm. Dette har vore ein suksess for oss, da vi kan gjere mange spennande oppgåver samtidig som vi har stor fleksibilitet i produksjonen vår.

Montering

– Når det gjeld produksjonsprosessen, er han ganske lik uavhengig av plateval ein skriv ut på. Prosessen med lydplater begynner alltid med å finne riktig motiv og mengde plater. Deretter vurderer vi bilda og behandlar desse i bildeprogram, og kan gjere dei både lysare og mørkare og endre kontrastane med meir. Når dette er gjort, startar sjølve utskrivingsprosessen. Til slutt reiser vi til kundane og monterer opp platene. Ved å hengje opp slike lydplater kan klangen i rommet endre seg og det kan verte mindre ekko til dømes, forklarar Skauvik.

– Eg har høyrt at teppe tek lyden ned. Her var ei åkleutstilling for nokre år sidan og folk trudde at dette ville hjelpe på lyden. Overraskinga var stor når dette ikkje skjedde. Nye funkishus har i dag problem med lyden, så denne teknologien med lyddempande veggplater må vel vere heilt super. No ser me fram til samlingar med velklang i nystova, fortel Brunstad Øyehaug.

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes