Før Skru opp!! vart lansert i Kiwihallen 15. mai var Vassendgutane det mestseljande bandet i Noreg i år. Førehandssalet på 10.000 eksemplar viste at butikkane hadde god tru på ein ny bestseljar, og no toppar bandet frå Åmdalen VG-lista over dei mest selde albuma i Noreg.

– Dette er heilt fantastisk. Vi er i lykkerus no. Vi hadde ikkje forventa dette. Sånn som markaden er så har vi ikkje peiling før vi ser tala på bordet. Dette er overraskande og kjempegledeleg, sier Sindre Aam til NRK Møre og Romsdal.

Skru opp!! kom inn på VG-lista førre veke på ein fjerdeplass, og er denne veka Noregs mest selde album føre artistar som Faith No More, Flo Rida og Ed Sheeran. Då Møre-Nytt snakka med Aam og Arthur Johan Bjørdal etter familiekonserten i Ørsta var dei godt nøgde med førehandssalet av albumet, og dei hadde von om at Vassendgutane kunne selje 15.000 eksemplar av Skru opp!!.

– I dagens marknad er vi kjempenøgde med 10.000 førehandsselte eksemplar. Vi har også fått vite frå distribusjonsselskapet at det er ingen andre band som sel 10.000 eksemplar på førehand til butikk. Det tyder også på at marknaden har tru på det. Vi har og von om at det vert meir og at det kan bikke 15.000 eksemplar.

No er det turne og promotering som står på agendaen til bandet. I kveld spelar dei på Marokkofestivalen i Kristiansund, og i morgon er det Rockefeller i Oslo som står for tur.