Årets treff vert frå fredag 29. til søndag 31. mai, og amcar-klubben lovar ei helg med mykje moro. Det er venta folk frå store delar av Vestlandet, og ofte kjem det også folk og bilar frå Gudbrandsdalen.

Fredag kveld vert det treff-camp, og samlar vi oss på Norrøna pub, der det vert kviss. Spørsmåla handlar sjølvsagt om amerikanske bilar, fortel Frode Haukeberg i amcarklubben.

Dragrace

Laurdag er det klart for dragrace. Det vert halde på Mosflatevegen forbi Fora form og Grepa-bygningen.

– Og merk at her er alle bilmerke inviterte, ikkje berre amerikanske bilar. Vilkåret er at det er registrerte bilar. Det er ein og ein bil som køyrer på tid. Det er fyrst to kvalikrundar, og der etter tre teljande rundar der gjennomsnittstida vert teljande, fortel Haukeberg.

Mosflatevegen er ikkje brei nok til at det kan tevlast to og to, og der vinnaren går vidare.

– Men vi har håp om ei breiddeutviding av vegen med det første. Vi har vorte lova av K.A. Aurstad at noko vil skje snart, seier Haukeberg.

Laurdag kveld er det dans på Rokken i Volda der det lokale bandet Stingray spelar.

Utstilling

Søndag er det klart for utstilling, og ho vert på utstillingsområdet på Mosflata. Folk kan få nærmare informasjon om tidspunkt og stader for treffet ved å søkje heimesida www.brentdekk.com.

American Car Club Ørsta/Volda har halde på sidan 1980-talet, og har no om lag femti medlemmer.

– Det som er hyggjeleg er at vi siste åra har fått nye og yngre medlemmer. Interessa for amerikanske bilar er stor. Kanskje har ho siste åra dreia meir mot muskelbilar, men framleis er det veteranbilane som dominerer, altså eldre enn tretti år, seier Haukeberg.

Amcarklubben har også flytta inn i nye lokale. Etter i ei årrekkje å ha vore på Engeset, har klubben leigt lokale ved Industrivegen på Rystelandet. Her har det vorte pussa opp, slik at det er mogleg å ha det fint saman sosialt.

Og innreiinga i lokala er det ingenting å seie på. Ho viser heilt klart at her er det bil og amerikanske bilar spesielt som er tema.

Det som er hyggjeleg er at vi siste åra har fått nye og yngre medlemmer

Nye lokale: Amcarklubben har fått nye lokale i Hovdebygda.