Fotoutstillinga som vart opna på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda er den første som studentane ved Photo documentary står bak. Gjennom studiet har studentane vore gjennom fire ulike oppgåver, ansikt fortel ei historie, hjelpe andre, kjensle av stad og stor event. Delar av resultatet vert no vist fram for alle på høgskulen. Studentane er også ein del av den første masterutdanninga i fotodokumentar i Noreg.

Photo documentary vert undervist av Dr Stuart Franklin frå det verdsberømte fotobyrået Magnum. Franklin var sjølv til stades under opninga av utstillinga tysdag, og meiner at studentane har vakse som fotografar gjennom det første året av masterutdanninga.

– Studentane har vore gjennom fire ulike oppgåver, men korleis dei har teke fatt på oppgåvene har vore veldig individuelt. Det tykkjer eg er det mest spennande. Dei har ikkje alle følgt måten eg arbeider på, men dei har alle leita etter si eiga stemme innan fotografi. Det er ekstremt viktig, seier Franklin til Møre-Nytt.

I tillegg til å undervise i masterutdanninga har Franklin også undervist bachelorstudentar i Volda gjennom dei to siste åra.

– Studentane er inspirerte, og Volda er ein god stad for fotodokumentar. Fotodokumentar høyrer til ein stad mellom journalistiske og kunst, men det er ein veldig fin stad å vere. I framtida trur eg at fotodokumentar vil verte meir viktig når det går opp for folk kor stor makt individuelle fotografi har. Vi underviser ikkje berre praktisk, men også teorien og historia bak fotografiet og fotodokumentar.

Fotoutstillinga på Høgskulen i Volda vert hengjande ut denne veka, og den er open for alle.

– Då studentane byrja var dei til ei viss grad fokusert på det enkelte fotografiet. Det eg har prøvd å lære dei er det vi kallar visuell historieforteljing, og fortelje ei historie med fleire fotografi. Vi har arbeidd med fleire framgangsmåtar for narrativ gjennom fotografi, og alle har respondert på den utfordringa på ein ekstremt bra måte.