Strikkekafear og strikkeklubbar, strikkekveldar, og eg veit ikkje kva.

Kor mange kilometer med garn og tråd som har gått med, er det ingen som aner, men utstillinga som Ørsta Husflidslag arrangerte no i helga, skulle gi ein peikepinn på at strikkepinnane har vore flittig i bruk, ikkje minst nokre rå, sikkert tiår, attende, men ingen ting tyder på at sporten er slutt i dag. Ser vi klassebilete frå femti-sekstitalet, er nesten hundre prosent av elevane kledde i kofte eller genser, i alle fall på vinters tid.

I den restaurerte bruksbutikken i Garvargata, der husflidslaget no har eigne lokale, har Inge Kolås opna «alle dører» opp gjennom etasjane, og her kunne publikum beundre og verte meir enn imponerte over dei nesten

170 koftene og genserane, i alle storleikar, i utrulege mønster og fargekomposisjonar. Nokre bar meir enn tydelege teikn på langvarig bruk, men det ser ut til at slike plagg får langt liv, for ingen kvittar seg med gode ullklede, og slett ikkje dei som er strikka av bestemor eller tanter eller eigne mødrer.

Ei slik utstilling har neppe vore i Ørsta før, i alle fall ikkje i så stort omfang, og folk har plukka fram for skuffer og skap, kasser på mørkeloftet og kanskje tørre kjellarrom.

Tanken slo oss då vi steig opp trappene heilt til tredje etasje, denne utstillinga burde henge oppe mykje lenger enn berre ein kort weekend.

Arne Ola