Sist torsdag var første gong studentar frå Høgskulen i Volda tok del i ei konkurranse for studentbedrifter, kor ein NM-billett låg i potten.

Og Volda Studentbryggarlaug var ikkje snauare enn at dei gikk av med prisen for beste kulturbedrift og fekk ein friplass til NM for studentbedrifter i juni, under konkurransen som gjekk føre seg under gründerdagen til studentorganisasjonen Start ved Høgskolen i Ålesund, melder høgskulen på sine heimesider.

– Dette gjekk mykje betre enn det vi hadde håpa på, veldig moro, seier daglig leiar for bedrifta, Knut Larsen.

Ideen og bedrifta som han driv i lag med medstudentane Christian Alhaug, Vilde Sævik og Tomas Hansen spring ut i frå faget Entrepenørskap i kulturnæringar, som vart starta opp i fjor.

– Det var min idé å starte eit bryggjelaug og eg fekk med dei andre på det. Vi har laga ein forretningsplan som vi skal ha eksamen i snart. Tanken er å vere ei bedrift som skal lære opp studentar i å bryggje eiget øl. Vi ønskjer å fremme god ølkultur, fortel Larsen.