Dei siste åra har Venche sunge mykje i fleire av kyrkjene på søre Sunnmøre. Ho vert ofta nytta som solist i vigsler og gravferder, men gjer også saman med ektemannen Levi-André Leite minikonsertar med ulike tema.

Konserten har fått namnet «Tru, von & kjærleik» fordi dette er tema som går igjen i songtekstane. For Venche er det viktig å sette saman eit repertoire med den rette stemninga. Det vert framført viser, salmar og popmusikk der tekst og melodi har gjort inntrykk på Venche, ofte fordi dei knyter seg til einskilde hendingar eller personar. Vi kan nemne namn som Lina Sandel, Johnny Cash, TOTO og Tommy Nilsson .

– Håpet er å få dele denne kjensla med publikum. Vi ynskjer at denne konserten skal gje tid til å stresse ned, nyte god musikk og la tankane få flyte fritt, fortel Venche.

I tillegg til Levi-André har ho også med Frank Utgård på gitar. Frank er for dei fleste kjend som ein dyktig blues og countrygitarist, men på denne konserten vil vi bli kjend med ei varare side ved denne allsidige gitaristen. Mellom anna vil han framføre ein sjølvkomponert instrumental.