Rein Alexander kjem til Vartdal kyrkje for ei musisk markering av det nye orgelet.

Arbeidet med å montere det nye orgelet i Vartdal kyrkje er i full gang, melder leiar i orgelnemnda, Johan Bertel Vartdal.

Dei neste tre vekene er det stemming av orgelet som står for tur, og dette skal etter planen vere ferdig i midten av april.

– Og laurdag 18. april inviterer vi til ei lita musisk markering av orgelet. Rein Alexander vil kome og synge. Han har med seg pianist Petter Anton Næss. Det er viktig med ei skikkeleg markering, seier Vartdal.

Han seier at han er imponert over det nye orgelet, og rosar arbeidet som har vorte lagt ned for å få ting på plass.

– Då snakkar eg om alt frå rydding, måling og snikring til montering. Alle som på sitt vis har vore med på dette.

19. april vert det offisiell innviing og orgelkonsert i gudstenesta, men for dei som ønskjer å tjuvstarte er dagen altså laurdag 18. april.

Johan Bertel Vartdal fortel at det er muleg å førehandstinge billettar med Ørsta kyrkjekontor.