Det melder smp.no

– Denne utmerkinga betyr mykje for meg. Det er eit vitnemål på at folk, bokstaveleg talt, set pris på den musikken eg har komponert, seier komponisten til smp.no.

Volda-komponisten fekk prisen i kategorien "samtid" for verket   «inngang, nærver, utgang (konsert for bratsj og strykarar). Verket vart framført under opningskvelden til det nye konserthuset i Herøy.

– Magnar Åm har vore tydeleg til stade i norsk musikkliv sidan tidleg på 1970-talet med sin lågmælte stemme. Han dyrkar transparens og enkelheit, og ynskjer å skrelle musikken ned til kjernen, heiter det i grunngjevinga. I tillegg til trofé og diplom, består prisen av 50.000 kroner.

Edvard-prisen blir delt ut årleg av TONO, opphavsrettsorganisasjonen for norske musikarar og komponistar. Prisen har som mål å styrkje musikklivet og auke merksemda rundt norsk musikkproduksjon.