– Nei, guri. Der spring ein person i isbjørdrakt over lyskrysset. Vent litt.

Simone Eriksrud (44) er tydeleg på veg bort til glaset heime i Oslo for å studere kva det er som skjer utanfor vindauget.

– Kvardagskost på dine kantar?

– Nei, for all del. Slett ikkje, ler ho.

Sunnmøring

Og så var vi i gang. Med det vi eigentleg skulle snakke om. Simone og hennar to her(r)lege kompanjongar i D'Sound kjem til Ørsta. Og som volding, gler ho seg uforskamma mykje.

– Ørsta og Volda. Er ikkje det snart det same då? Nei, det er heilt spesielt for meg. Det var i Volda eg lærte meg å vere norsk.

Simone kom flyttande til Volda frå Vest-Tyskland som niåring. Ho vart verande til ho var 20.

– Ej e' jo en sunnmøring! Eg har mamma og pappa i Volda, og har framleis kontakt med nokre av venene mine frå barndomen. Det er faktisk ikkje så lenge sidan eg var der, saman med dei to barna mine. Fantastisk. Eg forstår ikkje kva eg tenkte med då eg gjekk der og trava som ung. Som vaksen ser eg kor fantastisk fint det er der. Fjorden som skiftar farge. Fjella. Alle må verte litt flinkare til å sjå opp og ut av og til!

Draum

Ho har alltid hatt store draumar. Heilt frå ho som lita spaserte rundt i gatene i Volda. Var det statsminister ho skulle verte? Ho ville noko meir. Så fann ho scena. Eller scena fann henne. Dei erfarne musikarane fascinerte henne.

– Dei var så flinke. Eg trudde aldri at eg sjølv kunne nå så langt. Men eg hadde ein draum om det.

Den kjensla prøver ho å hente fram på mørke dagar. Når ting går trått. Prøver å forstå kor privilegert ho er. For det har ikkje alltid vore berre enkelt å vere ein del av trioen i D'Sound.

– Vi gjorde det slutt då vi jobba med den førre plata vår. Trommisen var usamd i det vi gjorde musikalt. Han slutta midt i innspelinga.

Etter 15 år som band var det over.

– Då låg vi litt nede, og var kanskje ikkje heilt på talefot, vedgår Simone.

Ungdomskjærasten

Men det var noko som mangla. Dei jobbar med dyktige musikarar kvar dag, men det var noko heilt eige med D'Sound.

– Så, etter fem år, bestemte vi oss for å låne oss eit studio i tre dagar. Berre for å vere saman. Sette opp instrumenta og spele saman. Så plutseleg hadde vi begynt å omtale oss sjølve som «vi» igjen. Og eg berre. ja, der kom det ordet igjen ja. Og så hadde vi brått ei ny plate. Det var som å vere nyforelska. Eg må glise når eg tenkjer på det. Det er som med ungdomskjærasten. Sjansen for å verte saman igjen er rimeleg små, men det har vi søren meg klart.

Usminka

No føler Simone at dei er inne i ein veldig fri periode. Der dei tek ting litt som det kjem.

– Vi er veldig usminka. Det er den beste staden å vere for ein musikar.

Til Rust kjem dei 1. november.

– Vi serverer pop, og inni det formatet driv vi og utfordrar kvarandre heile tida. Det er mange kjensler. Vi legg heile sjela vår i det når vi spelar. Det er jo det som er D'Sound.

Inne i popformatet byd dei på både funk, r&b, jazz, drum'n bass. Dei leikar på scena.

Simone vaks opp i generasjonen før i Idol. Ho har gått den lange og seige vegen.

– Eg er utruleg stolt over det eg har oppnådd. Det må det vere lov til å seie. Og eg gler meg stort til å spele på Rust igjen. Det er mange, mange år sidan sist. Ta på joggesko og deodorant. Det skal eg, flirer ho.