– Det har vore ein lang prosess med boka, men no er den endeleg klar, sa forfattaren sjølv til dei som hadde møtt opp på boksleppet.

Dei første eksemplara av barneboka Snøhumla Mille kom til biblioteket same dag som boka vart lansert. Snøhumla Mille er historia om humla Mille og vennskapen med edderkoppen Spindella. Det er eit eventyr om haust og vinter, vennskap og mykje varme.

– Spesielt å få det i bokform

Mange møtte opp på boksleppet tysdag kveld. Før boka vart presentert spelte Tora Ose fele, akkompagnert av Frode Ose på ukulele, to songar for publikum. Forfattaren sjølv gav eit kort innblikk i bakgrunnen for historia før det var høgtlesing etterfølgt av boksignering.

– Eg ynskjer å takke døtrene og sambuaren min. Eg vil og takke foreldra mine som gjorde at eg vart glad i bøker. Eg har lest har lest historia mange gonger, men det er spesielt å få den i bokform. No skal humla få leve sitt eige liv og historia er ikkje berre mi si lenger, sa Øye som har von om at dei som kjøper boka vil like den.