- Museet vert nok aldri ferdig, men slik er det vel for alle som driv museum, kommenterer sogelagsleiar Ivar Arne Vartdal.

- Det sig stadig inn meir ting, men vi passar oss for å verte ein lagerplass, legg han til.

- Men det er jo eigentleg eit luksusproblem, seier Arne Vartdal, som har ansvaret for museet.

VD

Det er eitt år sidan museet opna. Dei var om seg og ordna med lokale, vegg i vegg med VD-hallen som stod ferdig i fjor.

Det ligg litt symbolikk i det også. VD er merket som vartdalingane kjempa for å behalde på båtane sine då dei vart ein del av Ørsta kommune. Og dei vann fram. Dei må vere sta for å tole livet på sjøen.

Rolv Gjøsdal er gammal sjømann og kaptein, og har også vore med på å setje i stand museet på Vartdal. Han minnest godt fisket i sin ungdom.

Det hardaste var linefiske på Grønland.

–Det var fire-fem timar søvn, og så gjekk det i eitt til vi fekk legge oss igjen. Det er meir ordna forhold i dag. Det har vore ei rivande utvikling, og vi har fått vere med på den, seier han, og inkluderer Ivar Arne og Arne i tankane. Også dei gamle fiskarar.

- Det er fint å kunne ta vare på historia, seier Arne Vartdal.

- Men veks vi oss større må vi flytte inn i VD-hallen, ler dei.