79 musikantar og ni drillarar frå Hovden og Ørsta skulekorps, Dalane skulekorps, Sæbø generasjonskorps og Vartdalsstranda generasjonskorps slo verkeleg på stortromma då dei ville heidre "moderskipet" Norges Musikkorps Forbund som feirar hundre år i år. Og ikkje i kva som helst slags år, men i "Musikkorpsenes år". Kva er då betre enn å slå alle korpsa saman til eit felleskorps for verkelet å få trøkk og stemning.

Dalane skulekorps, Sæbø generasjonskorps, Vartdalsstranda generasjonskorps og Hovden og Ørsta skulekorps samla på ei scene for å heidre 100-årsjubilanten NMF - Norges Musikkorps Forbund. Foto: Janne-Marit Myklebust

- Kjempespennande å skulle spele for så mange, seier Dean Van Bemmel frå Dalane skulekorps.

Han har spelt både trommer og kornett tidlegare, men har no funne sitt instrument i barytonen.

- Korps er kjekt. Det er så fint å vere med i eit fellesskap der vi lagar så fin musikk saman, seier han.

Glade musikantar: F.v. Alexander Norangshol Masdal som spelar trommer i Vartdalsstranda generasjonskorps, Marius Dagfinrud Moe som spelar trommer i Sæbø generasjonskorps, Albert Hamnaberg som spelar trommer i Dalane skulekorps, og Dean Van Bemmel som spelar baryton i Dalane skulekorps. Foto: Janne-Marit Myklebust

Nils-Gunnar Solli frå NMF-Nordvest hadde også tatt turen til Ørsta kulturhus søndag. Han var storleg imponert og nesten rørt over det storkorpset hadde å by på.

- Verkeleg flott. Og for eit høve til å spele saman. De gjer det nok minst like godt som eigne småkorps, men det er fantastisk kjekt når de også kan gjere slike ting, og møte kvarandre på tvers av korpsa, helsa han.

Og korpstradisjonen står sterkt i Nordvest.

NMF-Nordvest er ein av åtte regionar i Noreg, med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Til saman har regionen 7.000 medlemer fordelt på 220 korps og drillkorps.

- Vi er størst i Noreg om vi samanliknar med folketalet, og vi er nest størst i Noreg om vi berre ser på reine medlemstal. Det er fantastisk! Vi er ein kraftig muskel i systemet.

Sverre Sørdal var konferansier. Han har vore fast innslag i musikklivet i Ørsta dei siste tiåra, både som dirigent og som musikar.

- Eg kan ikkje fatte at ikkje alle har lyst til å spele i korps. Det er ubegripeleg for meg. Alle burde spele i korps!

To gode vener, som møttest gjennom samarbeidskorpset. Anna Saltre frå Vartdalsstranda generasjonskorps og Ronja Westrum Kipperberg frå Dalane skulekorps. Foto: Janne-Marit Myklebust

Og det er Anna Saltre og Ronja Westrum Kipperberg heilt samde i. Hadde det ikkje vore for korps, hadde ikkje dei to møttest.

Anna spelar i Vartdalsstranda generasjonskorps og Ronja i Dalane skulekorps.

- Vi møttest gjennom felleskorpset. Og då fann vi ut at vi ikkje bur så alt for langt frå kvarandre. Og no er vi gode vener, kan dei fortelje.

Det beste med korps, meiner dei, er å få framføre for eit stort publikum.

- Og lære nye ting, og vise talentet sitt. Å spele i storkorps er litt uvant og litt skummelt, men mest av alt veldig gøy, fortel dei.