Det kunne ha vore i USA på 1940- 1950-talet. Men det var i Skaarasalen på Hotell Ivar Aasen. Ein heilt vanleg laurdag i Ørsta, men med snert. Ketil Rasmussen. Eit unikum og oppkome av historier og forteljingar om Frank Sinatra. Synge kan han også. Kvelden var via til Sinatra, med ei overraskande gjesteopptreden frå sjølvaste Marilyn Monroe.

– Dette var ei oppleving av dei sjeldne, seier ein begeistra Einar Øyehaug etter konserten.

Han legg ikkje skjul på at han er litt over snittet glad i musikken til Frank Sinatra.

– Og Rasmussen. Han er eit unikum. Han kan alt, den mannen!

– Dette var kjempebra, er dommen til Synnøve Rekkedal Hil.

– Nydeleg musikk og nydeleg song. Rasmussen er i ei klasse for seg. Han er eksepsjonell. Og så må eg få legge til at her godt kunne ha vore fleire folk. Når folk bruker tid og krefter på slike flotte arrangement, må vi støtte opp om det også. Dette var utruleg bra. TV kan vi sjå andre dagar.

Og fleire let seg begeistre.

– Dette var veldig bra. Eg vart overraska over orkesteret også. Dei spelte bra, presist og godt. Dette var eit flott konsept som vi gjerne ser meir av. Og så er det kjekt å vere på hotellet igjen, seier Jan Endre Ørstavik.

Og det var det som var litt av grunntanken til Nils Arne Mo og Tonje Strand Uvestad i Follestaddal Hornmusikk, som har vore primus motor for å få konserten stabla på beina.

– Hjartet mitt ligg i swingen og litt i storband. Ketil Rasmussen vil eg seie er ein av landets beste Sinatra-imitatorar, så eg lufta denne ideen med han for ei stund sidan, og han var med! Vanlegvis er det kulturhuset vi bruker som arena, men det er aldri for seint å prøve noko nytt. Hotellet var velvillige som få og tende momentant på ideen, fortel Mo.

Det vart ein heilaftan av dei sjeldne, med Sinatra-konsert som forrett, hotellmiddag som hovudrett og dans med Stolen Moments som dessert.

Gjestesolistar på konserten var Ingeborg Rørvik Lejon og Leif Atle Strand. Marilyn Monroe henta korpset frå eigne rekkjer, i saksofonisten Sophie Hagelund Thon. I tillegg hadde korpset hyra inn forsterkingar m.a. på piano, bass, gitar, trombone og obo.

Så får vi håpe dei ikkje tek Sinatra på ordet i siste song for kvelden «My Way» der Rasmussen syng at «The end is near». Vi får håpe det er motsett. At dette berre er starten på ein ny vår for hotellet og nye idear frå Follestaddal Hornmusikk.