Laurdag kveld var det premiere for Vartdalsrevyen 2018, og igjen leverte revygjengen varene. Publikum takka med ståande applaus.

Som tidlegare er det Rune Aarseth som har  stått for tekstane og regien. Han er ein meister i å finne den rette kombinasjonen av allmenne tema og dei heilt lokale. Det er både skjemt og alvor. Men sjølvsagt mest skjemt. Det var mang ei lattersalve som kom frå publikum undervegs i revyen.

Fjorten skodespelarar og  fjorten medhjelparar, inkludert eit godt samspelt revyband, gav det dei hadde, og engasjerte publikum frå fyrste sekund.

Storpolitikk

Vartdalsrevyen spelte altså både det allmenne og det lokale. Og kva er vel meir naturleg å drage storpolitikken heilt ned på lokalt nivå, der utgangspunktet for ein sketsj om Nord Korea var møtet mellom vartdaling og Statoil-sjef Eldar Sætre og Donald Trump i Davos tidlegare i vinter. Sjølv om det kanskje medfører at Vartdal er sett som mål for ein av Kim Jong-un sine langdistanserakettar.....

Revyen hadde fått med seg at det no er kommunane som står for borgarleg vigsel, og dei såg at det kunne medfører komplikasjonar for Ørsta kommune. ”For Stein Senterpartiet slår jo ikkje i hop noko som helst.”

Brannvesen utan vatn

Andre tema som vart reke opp var Bygdepride og pastorar sine reaksjonar på denne, og #metoo-kampanjen, som hadde ein glitrande overgang til problema ved Hareid ferjekai.

Sjølvsagt vart husbrannen på Vartdal sist haust tema, der brannvesenet oppdaga at der ikkje var vatn til å sløkkje brannen med. Andre emne som vart teke opp var foreldre si tru på eigne born, og alderdom med problem med minnet.

Brodd

Vartdalsrevyen er ikkje utan brodd, og sketsjen ”Longreist” sette forslaget om felleskjøkken for sjukehusa opp mot helsetoppane sin ekstravaganse – til stor jubel frå publikum.

Også bergensarane fekk sitt, i forsøket på å kuppe namnet Vestlandet til det nye storfylket.

Vartdalsrevyen har etter kvart fått erfarne skodespelarar, men også nye slepp til. Veteranar som Steinar Barstad, Hans Petter Aarseth, Harald Buset og Møyfrid Barstad Sandbakk ser ut til å trivast godt saman med unge skodespelarar somElise Kvien og Malin Vartdal. Denne miksen av ungdommeleg pågangsmnot og erfaring gjev revyen styrke og karakter.

Vartdalsrevyen leverte ein revy i fyr og flamme på vel to timar, inkludert pause. Ikkje eit sekund vart for mykje.

Revyen har ekstraframsyningar komande tysdag og fredag, og tysdag om ei veke.