Showkonserten heiter «Absolutt Berre Damer», som er eit ordspel på kornamnet og samleplatene som hadde braksuksess på 90-talet, «Absolute music». Det betyr ikkje at showet er berre for damer, her blir det musikk og underhaldning for alle, hovudsakleg frå 80 og 90 talet.

- I spissen av koret har vi dirigent og musikalsk leiar Janne M.G. Skarstein, som har 20 års jubileum med Åmdalskoret i år. Ho har saman med musikkutvalet sett saman repertoaret til denne showkonserten, og dei gler seg til å få dele det med publikum i Ørsta si eiga storstove. Showet vert fletta saman av to programleiarar, Linda Hjelset Hjelm og Grete Karin Rem, heiter det i ei pressemelding.

På øvingshelg i januar stilte heile koret opp i 80-talsstil, med håret høgt og sminka breitt, for full gjennomkøyring av programmet. Damene skal også ha med seg band på scena, så berre damer blir det ikkje. Showbandet består av: Stein Henrik Vartdal, Johannes Kristiansen, Knut Hunnes og Roberth Lien.

- Absolutt Berre Damer har 2 framsyningar av konserten, 7. og 10. mars, og billettsalet er godt i gang allereie. På showets eiga facebookhending kjem det jamlege drypp som gir publikum eit lite innblikk i kva som skal skje og ein presentasjon av kordamene. Koret gler seg til å presentere ein sprudlande showkonsert i kjent stil. Her løner deg seg å sikre gode plassar, og gjere seg klar for ei musikalsk reise.