Ein fullsett sal sat klar for å sjå «Cry Wolf», og for å høyre «A-ha» sin musikk i ny regi på Ørsta kulturhus.

Musikalen er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon. Ideen til historia kjem frå Gunnar Sigve Aurdal, og er vidareutvikla av Vibeke Preus Bech som er førstelektor ved Høgskulen i Volda. Dette er hennar fyrste vgs-musikal. Målet har vore å ha elevar frå alle sju kommunene på Søre Sunnmøre, og det har dei klart i år.

Historia tek plass i Monte Rosa, ein liten republikk ved Middelhavet. Familien Meyer, med faren Thomas Meyer som rikskanslar, vann valet og har styrt republikken i ein månad. Historia startar med Thomas som abdiserer som rikskanslar, og journalistar og presse står att som spørsmålsteikn og lurer sjølvsagt på kvifor han gjer dette. Deretter fekk vi sjå kva det var som skjedde denne månaden frå då familien fekk makta, til dei abdiserte.

Eit minne for livet

Arnstein Madsen Stokke er ein av årets hovudrolleinnehavarar, og spelar rolla som Benjamin Phillips.

- Eg føler eg passar rolla bra, og på nokre måtar kjenner eg meg igjen i karakteren. Dette er det tredje og siste året eg er med i musikalen. Årets musikal er veldig bra skrive. Vi jobbar godt saman og har eit veldig godt miljø. Vi jobbar eigentleg godt saman uansett kva som skjer og kva det er vi driv på med, seier han.

Med seg i salen hadde Stokke fleire familiemedlemar, og nokre kompisar.

- Eg var veldig nervøs før eg gjekk på scena på grunn av sjukdom og forkjøling. Men alt var så bra og kjekt. Sjølv føler eg at alt dette er minne for livet, fortel Stokke vidare.

- Mykje kjensler kom fram

Problem som kjærleik, lengsel, sjølvmord, drap, pillemisbruk og psykisk helse var sentrale gjennom heile musikalen. Ei av dei som sat i salen, var Mariann Humberset, tidlegare musikk-elev hjå Volda vidaregåande skule. Ho tykte det var flott at slike problem vert tatt opp i offentlegheita.

- Eg følte det var eit stort fokus på psykisk helse, og på det å miste nokon som står ein nære. Det å ta opp noko slikt, kan jo vere med på å hjelpe eit samfunn, fortel ho.

Humberset applauderar elevar og lærarar for godt sceneoppsett, og likte svært godt at dei i framføringa leia publikum gjennom historia undervegs slik at ein skjønte handlinga. Ho rosar aktørane for framifrå gjennomføring.

- Eg synest skodespelarane er veldig dyktige, og songarane brukte kjensler i framføringa for å få fram bodskapen. Eg smilte og lo, eg var redd og gret nesten. Det var mykje kjensler som kom fram. Om ein som skodespelar eller songar klarer å vekkje kjensler i publikum, då har du verkeleg gjort ein god jobb. Det var kjekt å sjå denne musikalen, og eg kjende på saknet av å vere med sjølv, seier Humberset og ler.