Dyktige musikarar under leiing av dirigent Ketil Grøtting fekk det verkeleg til å svinge.

- Vi har reist jorda rundt i år, for å finne nytt repertoar til denne konserten. Vi enda opp med å plukke nokre blomar frå fleire land, og dei presenterer vi for dykk her i dag. Hinsides tid og rom og årstid.

Slik uttrykte dirigent Ketil Grøtting det i velkomsthelsinga si til dei mange frammøtte på Ørsta kulturhus søndag. Og dei om lag 200 frammøtte sette pris på konserten med både bravorop og trampeklapp til slutt.

– Dette var ein flott konsert. Det er tradisjon å få med seg nyttårskonserten til hornmusikken. Sjølv om vi alltid gjerne vil ha meir marsjar, var det eit fint og mangfaldig program i år. Vi er veldig glade for å ha hornmusikken og for at dei leverer slike opplevingar til oss.

Det seier Inger-Johanne og Ludvik Flåskjer, som er faste publikummarar når Ørsta hornmusikk har arrangement.

Musikantane var også nøgde etter konserten. Leiar Per Gunnar Flø gav roser til dirigenten og takka han for at han klarer å få fram det beste i dei, og lokkar fram dei gode tonane i alle melodiane.

Ørsta hornmusikk talde 33 musikantar på denne konserten.

– Ein god del unge har teke til i korpset siste tida, og «den eldre garde» tykkjer det er svært gledeleg. Rekruttering er viktig for alle korps, og i år som det er «Korpsmusikkens år» er det kjekt at vi får med fleire, seiar leiar Per Gunnar Flø.

Synnøve Foldal Vatne, Benedikte Fagerhol Vartdal, Hanne Ingebrigtsen og Bertine Høydal Sætre er unge og nye i hornmusikken.

– Vi har blitt veldig godt mottekne av alle dei vaksne her, seier Synnøve. Ho spelar klarinett både i skulekorpset og i hornmusikken.

Alle synest det er kjekt å vere med på øvingane, og det at dei er fleire unge som har starta samstundes, gjer at dei får eit godt fellesskap. Dei får hjelp og vegleiing av dei vaksne musikarane dersom dei treng det, og så er det både spennande og utfordrande å få vere med på konsertar og vise fram det dei har øvt på.

33 musikarar og ein engasjert dirigent gav publikum det dei hadde teke turen for. Ein feiande flott nyttårskonsert.