Utanfor dørene til Ørsta kyrkje er det holkeføre. Lyden av den lokale trafikken som passerer kyrkja konkurrerer med tonane frå kyrkjeorgelet. På galleriet har Ketil Grøtting funne seg til rette bak tangentane og øver iherdig.

– Eg har alltid likt og forstått musikk. Alle besteforeldra mine dreiv med musikk, og musikken har vore med meg gjennom heile livet.

43-åringen har eit langt musikkliv å sjå tilbake på allereie. I barndomen stod korpsmusikken og trombonespeling sentralt. Då Oslo-guten byrja på musikklinja på Foss vidaregåande skule i Oslo vart han introdusert for kormusikken, og ifølgje han sjølv vart han raskt korfrelst. Dirigent Carl Høgset arbeidde som lærar ved skulen og snart song Ketil både i Grex Vocalis og Norges Ungdomskor.

– I tenåra vart eg biten av korbasillen. Eg song i tre til fire kor samtidig, vi reiste på mange turar og hadde det veldig morosamt på 90-talet.

Duett: I tenåra vart Grøtting korfrelst. Den nye organisten er ikkje frammand for å ta på seg soloar. Her i duett med Louise Engeseth under Ørstakoret sin førejulskonsert.

Hovudfag i korleiing

Etter den vidaregåande opplæringa vart musikkutdanning ved Universitet i Oslo, og vidare gjekk turen til hovudfag i korleiing ved Noregs musikkhøgskole.

– Eg tenkte at sidan eg var god på å lese notar skulle eg kanskje prøve å dirigere litt. Eg song i vokalgruppe på musikkhøgskulen. Dette var eit øvekor for dei som studerte direksjon. Då fann eg ut at kanskje skulle studere direksjon sjølv.

Tolv år i Oslo Domkirke

I oktober 2000 starta Grøtting som dirigent for Oslo Domkirkes Ungdomskor, der han jobba tett på domkantor Terje Kvam og domorganist Kåre Nordstoga. Han hadde denne jobben i nesten tolv år. I tillegg leia han fleire kor i hovudstaden. I 2013 vart han tilsett som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda, og han busette seg i studiebygda. Det tok ikkje lang tid før Grøtting byrja å engasjere seg i kulturlivet i Volda og Ørsta, og han har dirigert både Ørstakoret og Ørsta Hornmusikk. Ketil og sambuaren Jannicke stifta familie, og i løpet av fjoråret fekk dei fast adresse i Ørsta kommune. Då han kom over ei annonse for ny organist i Ørsta var han aldri i tvil om at han ville prøve lukka.

– Eg jobba i Oslo Domkirke fram til 2012. Det er mykje fin jobb i kyrkja med mellom anna konsertar og høgmesser. Eg har sakna å jobbe i kyrkja. Det er veldig fint å ha kyrkja som arbeidsplass på mange måtar. Då det var ein ledig organistjobb kasta eg meg over den.

Rett før nyttår starta Grøtting i sin nye jobb, og han har funne seg godt til rette allereie.

– Eg har fått veldig hyggelege kollegaer, og dette er ein meiningsfull og ordentleg jobb der du får bidrege mykje. Orgelet er også dronninga blant instrumenta, og eg føler at eg har fått ein ny god venn som eg kan fortelje alt til. Eg har ikkje spelt så mykje orgel før, men eg kjenner kyrkjemusikken godt. Det er veldig spennande å få lov til å starte på eit nytt og stort musikalsk prosjekt.

Dirigent: Grøtting har hovudfag i korleiing frå Noregs musikkhøgskole og lang erfaring som dirigent frå m.a. Oslo Domkirkes Ungdomskor. Etter at han flytta til Søre Sunnmøre engasjerte han seg raskt i kulturlivet i Ørsta og Volda som dirigent for Ørstakoret og Ørsta Hornmusikk.

– Gler meg til å kome på jobb

Den nye organisten gler seg til å kome på jobb og til å ta fatt på dei oppgåvene som ventar. I tillegg vil han halde fram med å engasjere seg i kulturlivet. Nyttårskonserten med Ørsta Hornmusikk ventar rett rundt neste hjørnet. Det å få lov til å formidle musikk gjev Grøtting stor glede.

– Å dirigere kor og korps er ein hyggeleg måte å jobbe på. Musikken er ei lang forteljing om menneska og deira historie. Musikken er allmennmenneskeleg og du knyter eit band når du held på med musikk saman. Det gir meg glede å hjelpe andre til å utøve og oppleve fin musikk.

Den nye organisten er klar på at han har funne seg til rette, og at familien blir verande i Ørsta.

– Det tar litt tid å bli god på orgel. Det er veldig kjekt å ha fått fast jobb, og vi tenkjer å vere her i Ørsta.

Blitt ørsting: I fjor flytta Grøtting og familien frå Volda til Ørsta, og dei tenkjer å bli verande i kommunen.