Med 65 musikarar i orkesteret og eit kor frå Vikemarka skule vart det ein storlslagen adventskonsert på Bedehuset i Ørsta laurdag.

Samarbeidet mellom koret og orkesteret er eit resultat av eit prosjekt på Vikemarka skule, der dei har jobba med gamle og nye julesongar.

Konserten byrja med fem julesongar med kor og orkester. Seinare song koret to songar åleine.

– I dette koret er det fleire som også kan vere solistar. Kanskje kan dette bli det faste koret for orkesteret?, sa ein håpefull leiar for Kulturskulen i Ørsta, Brynhild Barstad.

Ny julesong

Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester har utgangspunkt i kulturskulane i Ørsta og Volda. Etter kvart har kulturskulane frå nabokommunar knytt seg til. Sist ute er fleire unge frå Hornindal, mellom dei harpisten Stella Birthe Poland.

Dirigent er Sverre Sørdal. På adventskonserten slo han også til som song-solist.  Eit høgdepunkt var urpremieren på ein ny julesong, skrive av Marie Austrheim Riise og Kirsten Ose ( tekst). Songen "Juletone" vart framført med Kirsten Ragnhild Grimstad som solist.

Den vert nok å høyre fleire gongar.

Breidde

Dirigenten var godt nøgd med konserten

– No er vi 65 musikarar med både vaksne og unge, og i fjor var vi 70, så det er ei historisk stor gruppe. Dette orkesteret byggjer opp under heile det lokale musikklivet. Mange av dei som spelar her vert aktive i mange år, seier Sørdal.

Søndag spelte orkesteret i Larsnes kyrkja.